NPK
NPK

 – Mange går for litt for fantasifulle løysingar. Det enkle og mest nærliggjande uttrykket er ofte det beste, og det rette, seier professor i nordisk språk Inge Særheim ved Universitetet i Stavanger til Forskning.no.

Han har i meir enn ti år notert seg nynorskfeil i media og andre stader. Å bomma på substantiv og kjønn er ein av dei vanlegaste feila. Spesielt når det gjeld hokjønn.

– Det er ikkje uvanleg at bokmålsbrukarar bommar på hokjønnssubstantiv, kanskje fordi dei tenkjer på bokmål der hokjønn er mykje mindre brukt eller fordi ordet er hankjønn i deira eigen dialekt, seier Særheim. 

For hankjønssubstantiv er det færre feil, medan mange bokmålsbrukarar ofte legg til ein ekstra r i fleirtalsforma for inkjekjønnsord. Også bøyinga av verb kan vera ei utfordring. 

Særheim peikar på at sjølve orda ofte er dei same på både bokmål og nynorsk, men at grammatikken og bøyinga er den viktigaste skilnaden mellom dei to målformene. 

Det beste rådet til språkprofessoren for å skriva rett og godt nynorsk er å lytta til sin eigen dialekt. 

– Nynorsk byggjer på dei norske dialektane, som igjen er utvikla av norrønt, mens bokmål historisk sett har dansk opphav. For å meistra nynorsk, er det difor lurt å gå på oppdagarferd i si eiga dialekt og finna systemet i den, seier han og strekar under at dette gjeld nesten uansett kor ein kjem frå i landet. 

Les innlegget: «Det finst elevar som har bokmål som sidemål» 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE