1600 studentar tekne i storkontroll

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentane rapporterte at dei  budde  heimanfrå i fjor, mens dei i verkelegheita budde heime hos foreldra, skriv Dagens Næringsliv. Studentane må no betale pengane tilbake som lån. I tillegg misser rundt 400 av dei retten til støtte heile eller delar av neste undervisingsår.

Sjekkar meir
I førre storkontroll, i 2015, avdekte Lånekassen 2.200 studentar som oppgav feil informasjon for å få stipend. I desse dagar er ein ny storkontroll i gang, der 43.000 personar som studerer i nærleiken av der foreldra bur, blir bedt om å dokumentere at dei bur borte.

– Vi ønskjer å få talet på juksarar ned. Vi meiner for mange misbruker ei viktig velferdsordning, seier administrerande direktør Marianne Andreassen i Lånekassen.

– Resultatet tyder på at bukontrollen verkar. Dei aller fleste studentar er ærlege, men det er altså framleis ein del som prøver å jukse til seg eit stipend dei ikkje har rett på, seier Andreassen.

Tidlegare har Lånekassen vurdert å kutte bortebuarstipendet, fordi mange oppgir uriktig adresse.

På sin plass
Andreassen meiner Lånekassen gir tydeleg informasjon i søknadsprosessen om at ein må gi opplysningar om korrekt bustad.

– Dette er ikkje eit informasjonsproblem, dette er eit haldningsproblem. Dette er bevisst forsøk på juks, seier ho om heimebuande studentar som oppgir å bu borte.

Norsk studentorganisasjon (NSO) seier det er heilt på sin plass at Lånekassen gjennomfører kontrollane, men avviser at det dreier seg om eit haldningsproblem blant studentar.

– Marianne Andreassen i Lånekassen bommar. Samanlikna med i fjor er det ein nedgang på 600 i talet på dei som blir tatt, og ingen har blitt politimeldt for å forfalske dokumentasjonen. Dette er uansett unntaket til regelen, der resten av studentane følgjer regelverket, seier NSO-leiar Marianne Andenæs til NTB.