4 fantastiske forskingsnyheiter

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskinga stormar framover mot ny kunnskap. Her er nokre av dei viktigaste forskingssakene frå dei siste vekene.

Twilight-stjerne forskar på kunstig intelligens
Kristen Stewart er kanskje best kjend som Bella i Twilight-sagaen. No er ho klar for å debutere som manusforfattar med ein kortfilm kalla Come Swim. Filmen følgjer ein dag i ein manns liv, inspirert av eit måleri av Stewart sjølv.

I arbeidet med filmen har Stewart samarbeida med produksjonsselskapet Starlight Studios og Adobe, og nytta kunstig intelligens (AI) for å omforme scener frå filmen til AI-tolkingar basert på måleriet hennar. Resultatet vart nyleg presentert som ein forskingsartikkel på databasen ArXiv.

Det mest interessante med artikkelen er ambisjonane: Teamet ønska eigentleg å justere algoritmen til å overføre emosjonane frå måleriet, skriv Quartz. AI-en fekk i oppdrag å gjenskape stillbilete frå kortfilmen i ein ny stil basert på desse kjenslene.

Stewart og medforfattarane hennar skriv at AI-en trong mykje hjelp for å kome fram til eit visuelt tilfredsstillande resultat. Filmen har premiere på Sundance-festivalen seinare i år.

LES OGSÅ: Neandertalarane var fyrst ute med kunst og kultur

 

Ein mjuk robot som hjelp hjartet å pumpe
Eit team av forskarar frå Harvard har utvikla ein robot som hjelper hjartet med å pumpe blod. Tilsvarande mekansike hjelpemiddel for hjartet er i kontakt med blodet, noko som gjer dei mindre fleksible og aukar faren for at blodet klumpar seg.

Den nye løysinga er ein såkalla roboterme, ein mjuk sylinder plassert rundt hjartet. Resultata vart publisert i Science Translational Medicine førre veke.

Robotermet nyttar lufttrykk for å få silikonmusklar til å trekke seg saman og vri seg, akkurat som eit vanleg hjarte gjer. Målet er at roboten skal vere til nytte for pasientar som ventar på transplantasjon av nytt hjarte.

Her kan du sjå video av robotermet som pumpar:

 

Laboratorieproduserte menneske?
Oftast vert born laga ved samleie mellom ei kvinne og ein mann. Laboratorieteknologi utvidar moglegheitene gjennom å befrukte egg på utsida av livmora med donerte egg- eller spermceller. Nyleg vart også det første bornet med genetisk materiale frå tre foreldre fødd.

No spekulerer fagmiljøet i kor langt det er att før det vert mogleg å lage laboratorieproduserte born.

Trengs menn når det vert mogleg å lage spermceller på labben? Illustrasjonsfoto: Flickr/gags9999/CC BY

– Eksperimentelle finjusteringar kjem til å gjere det mogleg å lage funksjonelle egg- og spermceller frå menneskelege stamceller i ei ikkje så fjern framtid, skriv ein trio av amerikanske forskarar i tidsskriftet Science Translational Medicine.

Dei har gått gjennom den siste bølgja av forsking på egg- og spermceller, og konstaterer at «den hurtige transformasjonen av reproduktiv og regenerativ medisin kan komme til å overraske oss».

– Først må ny teknologi involvert i å lage menneske gjennom eit omfattande sett med sikkerheitstestar. Først i ikkje-humane primatar, og så i menneske, skriv Rafi Letzter i Business Insider.

Då Framtida omtala nokre av desse forskingsresultata i haust, kom spørsmålet: Kva skal vi med menn om vi kan få sperm frå laboratoriet? Debatten vert stadig meir aktuell.

 

Ei motgift mot antibiotikaresistente bakteriar
Bakteriar som er resistente mot antibiotika er eit aukande problem for helsesektoren.

Tidlegare denne månaden vart det kjent at ei kvinne døydde som følgje av smitte med ein bakterie som var resistent mot 26 ulike antibiotikum.


Bakterien Klebsiella pneumoniae, same art som drepte den amerikanske kvinna. Foto: Wikimedia Commons.

Ein av dei mest vanlege måtane for bakteriar å bli resistente på, er når bakterien får eit gen kalla New Delhi Metallo-beta-lactamase (NDM-1).

Bakteriar med dette genet vert resistente mot antibiotikum i klassen carbapenem, ei stor og viktig gruppe av antibiotikum legane kallar «siste utveg». Enzymet NDM-1 øydelegg antibiotikuma slik at dei ikkje vert effektive, og bakteriane kan vekse og spreie seg.

I 2016 fann ei gruppe amerikanske forskarar eit stoff som blokkerer enzymet NDM-1. Resultata vart publisert i Journal of Antimicrobial Chemotheraphy, og er dei første gode nyhendene innan forskinga på antibiotikaresistens på lang tid, skriv SceinceAlert.

Det nye stoffet gjer at bakteriane vert mottaglege for eksisterande antibiotika. Det er knytt stor spenning til den vidare forskinga innan dette feltet.

LES OGSÅ: Kroppen din kan ha fått eit nytt organ