Skulevinnarane

Ingunn Gjærde
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er veldig godt fornøgde! Det blir nok ei lita feiring nå, seier ein smilande rektor Øystein Knudsen.

I ei ny undersøking har Statistisk sentralbyrå (SSB) sett på kor mykje skulane bidrar til læringa til elevane. Lindebøskauen skule skårar best blant ungdomsskulane i heile landet.

Rapporten viser at det er store skilnadar på kor mykje skulane bidrar til elevane si læring.

– Kva kommune du bur i og kva skule du går på, har mykje å seia for kor mykje du lærer på skulen. Slik bør det ikkje vera, uttaler kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding.

Best i klassen
Øvst på lista står Lindebøskauen skule. Med sine 187 elevar har Lindebøskauen eit lite, men godt miljø. Skulen ligg på ei lita øy utanfor Kristiansand, Flekkerøy, som har hatt ei nær dobling av folketalet dei siste ti åra.

– Kombinasjonen av storleiken på skulen, der me kan vera tett på elevane og ha eit stort fagleg fokus trur eg er nøkkelen, seier Knudsen.

Han trekk spesielt fram at dei er ein iPad-skule.

– Me bruker iPad som eit pedagogisk hjelpemiddel, i tillegg til at det er ein stor motivasjonsfaktor for elevane, seier Knudsen   

LES OGSÅ: Får programmering på timeplanen.

Fokuserer på det dei kan gjera noko med
Eit anna prosjekt rektoren ved Lindebøskauen er stolt av er FLIK (Forskingsbasert Læringsmiljøutvikling i Kristiansand). Systematisk har dei arbeidd med læringsmiljø og inkludering.

– Når ein elev har ei utfordring, finn me ut kva faktorar me kan gjera noko med, og hjelper dei vidare, fortel Knudsen.  

Skulen har ikkje vore med på undersøkinga før, då elevtalet har vore for lite.

– Det vil visa seg på sikt om me skårer like bra kvart år, men me håpar jo det, seier Knudsen.

Resultatfokusert
I undersøkinga tar ein omsyn til elevane sin familiebakgrunn, då foreldra sine inntekter, utdanningsnivå og bakgrunn er viktig for kor godt elevane gjer det på skulen.

Kjartan Steffensen er ein av forfattarane bak rapporten, og han forklarer det slik:

– Sjølv om ein skule har eit svakt gjennomsnittsresultat på for eksempel skriftleg eksamen på 10. trinn, treng ikkje det bety at skulen har bidrege med lite til eleven si læring.

Andre skuleundersøkingar, som nasjonale prøvar, fokuserer ofte på berre resultatet av prøvar og testar.

LES OGSÅ: Betre i matte på eksamen.

Store skilnadar
SSB si undersøking viser at dei skulane som klarer å løfta alle elevane, uansett kva bakgrunn foreldra har, skårar høgast. Ikkje alle skular kjem like godt ut som Lindebøskauen.

Kunnskapsministeren er uroa over dei store skilnadane som rapporten har funne.

– Det er grunn til å bekymra seg over at forskjellane mellom skular og kommunar har økt, når det gjeld kor mykje dei bidrar til det elevane lærer frå 1. til 4. klasse, seier Torbjørn Røe Isaksen, når ein samanliknar med undersøkingar frå tidlegare år.