– Bønder bør læra dyra stressmeistring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bønder bør læra dyr å takla stress

I den årlege rapporten frå Animalia kjem det fram at alle dyr burde ha eit grunnkurs i stressmeistring, fortel Nationen. 

Spesialveterinær Inge Midtveit meiner at det viktigaste for dyrevelferda ikkje er kor lenge dyretransporten varer, men korleis dyra har det og korleis dei taklar nye situasjonar. Her er det store skilnader alt etter kva dyra er vande med. 

– Vi ser på dyr som til dømes er vande med å bli vegne regelmessig, toler handtering betre. Vi ser også at kyr frå robotfjøs taklar handtering betre enn kyr frå båsfjøs, seier Midtveit.

LES OGSÅ: Dyrepolitiet gjer at fleire saker blir melde

Han meiner bøndene kan læra dyra å takla stress betre ved å vera medvitne om korleis dei handterer dyra og lærer dei å møta nye situasjonar. 

Det same meiner styreleiar i Tyr, organisasjonen for norske storfekjøtprodusentar, Leif Helge Kongshaug. 

– Den dagen dyretransporten står på tunet er det for seint å tenkja på at dyra ikkje blir stressa, seier han.

LES OGSÅ: No kjem lær som ikkje er frå daude dyr

Møt også kyrne som lever med hol i magen!