Eit springbrett ut i arbeidslivet

Ingunn Gjærde
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me får hjelp til å skriva søknadar, får informasjon om kor ein kan søka jobbar og få bedriftsbesøk, fortel Malin Valen Karlsen (19).

Ho mista jobben på grunn av ein konkurs, og er ein av 10 deltakarar ved Springbrettet på Stord. Kommunen har praktisert aktivitetskravet for unge sidan Springbrettet starta i 2014.

Kjem ut i arbeid
Ein av Springbrettet sine mange suksesshistoriar er i Marius Matre (28). Han har byggfagleg bakgrunn, og jobba i fleire år på lager. Då han vart arbeidsledig mista han fort motivasjonen til å søka nye jobbar. Å sitja heime var lettare. Men då han gjennom NAV fekk tilbod om komma på Springbrettet, endra alt seg.  

– Det var godt å komma ut av hiet, og treffa folk i same situasjon. Det var spesielt vanskeleg i sosiale samanhengar, når folk spurde; «Kva gjer du på?». Då gruar ein seg litt til å seia at ein er arbeidsledig, fortel Matre.

Etter kvart fekk han tilbod om å vera miljøarbeidar ved Springbrettet, og der stortrivst han. Nå planlegg han å ta utdanning i barne- og ungdomsarbeidarfaget.

– Kanskje kan eg komma tilbake til Springbrettet når eg er ferdig utdanna, undrar Matre.

LES OGSÅ: Unge skammar seg mindre over å gå til NAV

NAVSpringbrettet2Web
Marius Matre har gått frå deltakar til miljøarbeidar ved Springbrettet. Foto: Framtida.no

Trassar trenden i arbeidsmarknaden
Sjølv om ein på Stord nå har fått den høgaste arbeidsløysa ein har sett på lange tider, har Springbrettet hatt ei auke i ungdom som kjem seg ut i arbeid.

Rune K. Pedersen er leiar ved NAV Stord. Han kan stolt konkludera med at arbeidet Springbrettet gjer har positiv effekt. Over 70 prosent av dei unge som deltar får seg arbeid eller praksisplass.

–  Med den enorme auka i arbeidsløyse er det imponerande at Springbrettet klarer å få fleire og fleire ut i jobb, fortel Pedersen.

Nøgde ungdommar
– Eg trengte eit lite dytt, fortel Olav Alexander Myrås (22).

Han kan fortelja at Springbrettet har vore ein moglegheit til å komma seg ut av huset. Med utdanning innanfor sveising har det vore utfordrande å prøva å finna seg arbeid på Stord.

Katharina Widvey (19) flytta nettopp frå Karmøy, og er glad for å få hjelp ved Springbrettet.

– Eg har opplevd ein ganske hektisk og utfordrande periode i livet, men nå er eg klar for jobbsøking her på Stord, fortel Widvey.

Både Myrås og Widvey er positive til at det vert stilt krav til ungdommar, og at ein vert tvungen til å komma seg opp av sofaen og ut i arbeid. Kvar dag frå klokka ni til tolv må dei møta opp på Springbrettet.

LES OGSÅ: Kraftig auke i talet på unge uføre

Butikksjef om forventningar
Denne føremiddagen er Solveig Gjester Skulstad, dagleg leiar ved Matkroken Stord på bedriftsbesøk. Ho fortel om kva forventningar arbeidsgivaren har.  

– Vis at du er nokon som bedrifta skal satsa på, rår ho ungdommane.

– Den tøffaste jobben er eigentleg å vera arbeidssøkar, seier Marianne Tveit, leiar for Springbrettet.

NAVSpringbrettet3Web
Solveig Gjester Skulstad, dagleg leiar ved Matkroken Stord kjem gjerne ned til ungdommane for å fortelja den usminka versjonen om korleis arbeidsgivaren tenkjer. Til høgre Marianne Tveit, leiar for Springbrettet. Foto: Framtida.no

Tveit kan ikkje få gitt nok skryt til gode og rause samarbeidspartnarar ute i arbeidslivet, som tar imot ungdommane som kjem frå Springbrettet. Gjennom ordninga vert talet på veker med sosialhjelp tydeleg redusert.

Dei tilsette passar på å gjera stas på ungdommane når dei kjem seg ut i arbeid.

– Kvar gong ein av ungdommane får seg praksisplass vert det feira med kake eller pannekaker. Og dei ungdommane som får seg jobb etterpå hamnar på «Wall of fame», ute i gangen, fortel Tveit smilande.

Faktaboks

Aktivitetsplikt
• Gjeld for unge under 30 år som er mottakar av sosial stønad.
• Kommunar skal nå stilla krav om aktivitet for personar under 30 år, elles vil det bli kutt i den økonomiske støtta.

• Innført frå 1. januar 2017

I desember 2016 var over 21000 ungdommar i Noreg under 30 år heilt arbeidsledige.

Springbrettet på Stord
• Starta opp hausten 2014.

• Tiltak som skal hjelpa ungdom bort frå å vera ein passiv mottakar av økonomisk sosialhjelp, og inn i arbeidslivet
.
• Plass til 10 ungdommar om gongen, med rullerande inntak.

• 7 av 10 får jobb eller praksisplass. Om lag 7 prosent byrjar på skule, medan 9 prosent avbryt opplegget.

• I snitt er kva av deltakarane sju veker ved Springbrettet.