Fleire dømt til ungdomsstraff og oppfølging

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire dømt til ungdomsstraff

Talet på saker i konfliktråda gjekk ned med 3 prosent i 2016, men fleire ungdommar fekk straffereaksjonar.

Totalt tok konfliktråda i Noreg imot 7.439 saker i fjor, mot 7.691 året før. Samtidig som talet på saker gjekk svakt ned, auka talet på straffereaksjonar mot ungdom med 16 prosent frå 2015 til 2016.

Det blei i fjor registrert 52 saker med ungdomsstraff og 303 saker med ungdomsoppfølging, opplyser Konfliktrådet.

Ordninga med ungdomsstraff eller -oppfølging blei innført i juli 2014 og har som mål å fange opp ungdom mellom 15 og 18 år som har gjort seg skuldig i  lovbrot og treng tett oppfølging over tid. Ungdomsstraff vert nytta for dei mest alvorlege  lovbrota som elles ville føre til fengsel eller dei strengaste samfunnsstraffene.

LES OGSÅ: Skumle klovnar kan straffast

Sidan iverksettinga i 2014 er i alt 105 ungdommar idømte ungdomsstraff, mens 648 har fått ungdomsoppfølging. Vald og narkotika er hyppige lovbrot blant desse ungdommane.

Størst auke har saker som omhandlar seksuallovbrot – opp 53 prosent til 121 saker. Valdssaker toppar statistikken blant saker som blir melde, trass i ein liten nedgang. I fjor omhandla 1.671 – 22,5 prosent – av sakene vald. Det er ein nedgang frå 1.842 valdssaker i 2015.

Færre saker er det også i kategoriane naskeri, nabokonfliktar og skadeverk, mens talet på saker i den nest største kategorien, mobbing og truslar, aukar frå 1.189 til 1.212.

I Noreg er det 22 konfliktråd over heile landet med totalt 550 meklarar.

LES OGSÅ: No blir stalking straffbart

Nettplaging kan vera kriminelt