Skumle klovnar kan straffast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ein trend vi har sett i andre land og som tydelegvis har kome hit til landet. Dette er ein oppførsel vi ikkje ønsker, konstaterer politimeister Steven Hasseldal i Øst politidistrikt.

– Eg trur nok at nokon tenkjer at dette berre er morosamt og uskyldig. Men dette kan blir oppfatta som skremmande for dei som blir utsette for det, held han fram.

Politimeisteren ramsar opp fleire lovavgjerder som kan råke såkalla «killer clowns». Skremmande og plagsam åtferd kan straffast med bot eller fengsel i to år og ordensforstyrringar med bot eller fengsel i seks månader. Om klovnen går etter nokon med balltre kan det tendere mot truslar, andre hendingar kan bli sett på som skadeverk.

Eit av tilfella skjedde tysdag på Nes på Romerike. «Klovnen» var ein 13 år gammal gut som slo etter ein bil med hockeykølle. Barn under 15 år kan ikkje straffast.

– Det er grunn til å rette ein førespurnad til vaksne om å gå i dialog med barna sine. Dei har eit ansvar for å fortelje at slikt gjer ein ikkje. (©NPK)