No blir stalking straffbart
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Alvorleg personforfølging – såkalla stalking – kan straffast med fengsel i fire år når lovforslaget som regjeringa har fremma, blir vedteke.
Justiskomiteen kom tysdag med si innstilling i saka.
Den foreslåtte lovteksten er slik:
«Den som gjentatte ganger truer, følger etter, iakttar, kontaktar eller gjennom andre sammenlignbare handlingar forfølger en annen på en måte som er egnet til å fremkalle frykt eller engstelse, straffes med fengsel i inntil 4 år.»
LES OGSÅ: Meiner nett-troll bør få bøter
Hittil har det ikkje vore lovheimel som ramma forfølging.
– Dette er viktige lovendringar for å auke det strafferettslege vernet av dei som blir ramma av personforfølging. Slik forfølging har store konsekvensar for offera, seier Høgres representant i justiskomiteen Hårek Elvenes til NTB.
– I dag har vi ikkje ein regel i straffelova som rammar personforfølging direkte. Endringane vil gjere det mogleg å førebyggje, etterforske og rettsforfølgje personforfølging på ein meir effektiv måte, seier han. (©NPK)