NHO vil fjerne fleire hundre mastergrader


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil fjerne hundrevis av mastergrader
For mange studerer samfunnsfag retta mot jobb i offentleg sektor, meiner NHO-direktør Kristin Skogen Lund.
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) foreslår derfor endringar for å skape ei grøn framtid, skriv Aftenposten. NHO meiner det er nødvendig med færre studieprogram og færre studentar i samfunnsfag og humanistiske fag. Samtidig ønskjer NHO fleire studentar i realfag og teknologi. Det blir understreka at Noreg ikkje kan halde seg med 900 ulike masterprogram. Endringsforslaga blir lagt fram under NHOs årskonferanse førstkommande torsdag.
(©NPK)