Å laga gråstein av gull

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anelin Strømholm, norsklektor på Ringerike vgs, ønskjer nynorsk ut av skolen. Ho meiner at det er «meiningslaust å undervise i nynorsk som sidemål, for språket til altfor mange elevar er så dårleg etter seks års opplæring at dei helst ikkje bør ytre seg i offentlegheita», slik ho skriv i Aftenposten.

Teksten avslører ei rekke dårlege haldningar til både norskfaget, nynorsk og hennar eigne elevar. Det er leit, fordi elevane fortener den beste undervisninga dei kan få.

Vel å gi blanke
Strømholm peikar på nokre viktige poeng i teksten sin. Ho skriv at bokmålelevar ser for lite nynorsk i kvardagen, at mange elevar dessverre har eit medvitslaust forhold til språket sitt, og at læreplanen for norskfaget er for vid. Dette er eg samd med henne i.

Ho trekk jamvel fram døme på korleis lærarar gjer det dei kan for å gjera sidemålsopplæringa meir relevant og spennande for elevane sine. Det er veldig bra at dei gjer nettopp det.

Men etter å ha tatt opp ei rekke problemstillingar som kan løysast ved godt samarbeid dei ulike partane i skolesektoren imellom, vel ho å gi blanke i heile greia. Ho fortel om kor mange feil elevane hennar gjer i nynorsk, og vil løyse dette ved å oppmode til «å gjere noko med denne absurde situasjonen i norskfaget». I klartekst er dette å hive nynorsk ut av skolen.

Dessverre for Anelin Strømholm er det å hive nynorsken ut av skolen det mest absurde ein kan gjera.

Grammatikk
Strømholm skriv at «viss Noregs Mållag trur at alle som har fullført obligatorisk skriftleg sidemål beherskar begge målformene, så tek dei grundig feil». Eg skal begynne med å roe henne ned. Nei, vi trur ikkje det.

Det eg derimot trur, er at viss elevar hadde fått ei god opplæring i sidemålet sitt, so hadde dei beherska begge språka godt.

Ikkje alle har eit like godt språkøyre. Det er det ingen tvil om. Strømholm skriv at elevane ikkje tenkjer grammatikk og ordklassar når dei skriv bokmål, fordi det er morsmålet deira. Men når det kjem til nynorsk, «må dei plutseleg byrje å tenkje grammatikk, akkurat som dei må gjere når dei skal lære seg eit framandspråk», held ho fram.

Vesaas på VHS
Eg har sjølv vore bokmålelev med nynorsk som sidemål. Sidemålundervisninga eg har gått igjennom inneheldt mellom anna ei liste med 40 bokmålsord vi skulle omsette til nynorsk. Eller den gongen vi leid oss igjennom ei filmatisering på VHS av Vesaas' «Isslottet» med dårlege fargar, spelt av på ein TV-skjerm som er om lag like stor som skjermen på den berbare datamaskina mi.

Mitt poeng er at viss læraren behandlar nynorsk som eit språk som må puggast og lærast gjennom grammatikk aleine, eller trur at noko er pedagogisk berre fordi det er på film, so blir ikkje nynorsk noko anna enn nettopp dét for elevane.

Elevane trur at den einaste måten å skrive nynorsk i kvardagslivet på er å bruke ordliste og hugsereglar på bøyingsmønster. Dei trur at nynorsk kultur er vanskelege romarar. Det må ta slutt, og vi kan endre det.

Gråstein av gull
Læraren er viktig. Strømholm sjølv skriv at ho og kollegaane gjer det dei kan for å tekke alle elevane til å lære faget. Men eg vil framleis påstå at ho ikkje er heilt fri for skuld. For sjølv om ho kanskje prøver å vera ein engasjerande lektor, skriv ho ein kronikk i Aftenposten der ho seier det motsette.

Ho kallar sidemålsordninga «absurd». Ho seier ho ikkje kan «gjere gull av gråstein». Eg er redd ho lagar gråstein av gull. Gullet er elevane som skal støypast til å vera budde på framtida si. Men når skoledagen er slutt går læraren heim og håpar på at gullprisen skal falle.

Læraren skal sjølvsagt ha lov til å ha sine eigne meiningar, ogso om det som blir undervist på skolen. Men eg er redd haldningane til Strømholm smittar for mykje.

Teksten til Strømholm tar opp mange tema. Dei er for mange til å gi eitt enkelt svar i ein enkelt tekst. Men det viktigaste poenget mitt er at vi kan gjera sidemålsundervisninga betre. Det kan ikkje «nokon» gjera – alle må med og dra lasset.

LES OGSÅ: Fleire nynorskelevar i 2016

LES OGSÅ: Rekordmange medlemmer i Mållaget

Les også om masterstudenten som ville finna ut kvifor Oslo-elevar byter til nynorsk!