Røykjetelefonen stengt frå 1. januar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Internett og appar til mobiltelefonen har tatt over som hovudhjelpemiddel for folk som ønsker å slutte, så Helsedirektoratet har merka ei fallande kurve med meldingar til telefonen.

– Rundt nyttår har vi jo hatt ein auka pågang i dei kanalane vi har, men over tid så har talet på innringjarar gått ned til 5.000 i året. Derfor vil vi etter nyttår avvikle telefonteneste og chat, seier Bjørn Andreas Bang i Helsedirektoratet til NRK.

Dei første ti åra etter lanseringa i 1996 var Røyketelefonen svært populær, og den hadde nesten 20.000 innringjarar i toppåret 2003. Dei siste åra har talet lege på om lag 5.000 årleg. Totalt er det gjennomført nærare 200.000 samtalar med folk som har ønskt å slutte.

Slutta-appen er på si side blitt ein av dei mest populære helseappane i Noreg. Den er lasta ned over 450.000 gonger. Folk som vil slutte å røykje, kan også få hjelp på nettsida slutta.no og på Facebook.

LES OGSÅ: Snus er like farleg som røyk