NPK
NPK

 Ifølgje Forskning & Framsteg  bidreg beitande dyr til å reflektera meir av solstrålinga når dei held markene opne. Det bremsar oppvarminga.

Forskarar frå Universitetet i Umeå har målt solrefleksjonar i Reisadalen i Nord-Noreg, og samanlikna refleksjonane i område med reinbeite og område som ikkje har vore beita i på 50 år.

Solrefleksjon vert målt i albedo, på ein skala frå 0 til 1, der 1 betyr at all solstrålinga vert reflektert. Den gjennomsnittlege albedoen på jorda er 0,3. Forskarane sine undersøkingar viser at eit beita fjellområde om sommaren har ein albedo på 0,15 og utbeita område 0,19.

Studien er publisert i Environmental research letters.

LES OGSÅ: Reinsdyra på Svalbard krympa

Oppdatert: måndag 5. juni 2017 15.59

LES OGSÅ

ANNONSE