Reinsdyra på Svalbard krympar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snittvekta til eit vakse reinsdyr på Svalbard har gått ned frå 55 til 48 kilo på drygt tjue år. Årsaka er at klimaendringane har redusert mengda tilgjengeleg mat om vinteren, ifølgje ny forsking.

Høgare temperaturar på vinteren gjer at nedbøren som tidlegare fall som snø, no oftare kjem som regn. Dette frys mange stader til is på bakken, noko som gjer det mykje vanskelegare for reinen å finne plantefôret han er avhengig av, skriv Dagens Næringsliv og viser til britiske The Guardian.

Og samstundes som klimaendringane har gjort det vanskelegare for reinsdyra å finne mat, er det også blitt fleire om beinet. Sidan 1990-talet har talet på svalbardrein auka frå 800 til om lag 1.400.

– Varme somrar er supert for reinsdyra, men vintrane blir stadig tøffare, seier professor Steve Albon ved James Hutton-instituttet i Skottland, som har leidd studien saman med norske forskarar. (©NPK)

Motlaus? Her er fem dyr som kan redde verda!