Antibiotikaresistens vert kalla ein av dei største utfordringane for folkehelsa i verda. Desse studentane vann internasjonalt gull med ny test.

mm

– Det er berre i unntakstilfelle at det vert testa for antibiotikaresistens ved urinvegsinfeksjon, fortel Torleif Tollefsrud Gjølberg.

23-åringen, masterstudent i molekylærbiologi ved Universitetet i Oslo, fortel engasjert om ein prototype for ein ny test som skal avdekke om bakteriane som forårsakar urinvegsinfeksjon er resistente mot antibiotika.

– Vi starta med å teste vår eigen urin, men det var diverre ingen av oss som hadde ein bakterieinfeksjon, fortel han.

Stort problem
Helsenorge.no sine retningslinjer for å behandle ein enkel urinvegsinfeksjon er anten ein antibiotikakur over tre dagar, eller vent-og-sjå-strategien. For pasientane som får antibiotika kan ein enkel test for å avgjere om medisinen vil ha effekt, vere eit viktig bidrag for å motkjempe det aukande problemet med antibiotikaresistente bakteriar.

– Antibiotikaresistens er ein av dei største utfordringane for folkehelse i eit globalt perspektiv, sa avdelingsdirekør Jannikke Ludt (biletet) i innleiinga til Forskingsrådet sitt frukostmøte om temaet tidlegare i desember.

Der deltok også Dag Berild og Martin Steinbakk. Berild er professor ved Universitetet i Oslo og fekk Akademikarprisen 2016 for arbeidet med å sette antibiotikaresistens på dagsorden. Han hadde tre hovudpunkt i innlegget sitt:

– All antibiotikabehandling kan føre til resistens. Jo meir antibiotika vi brukar, jo fleire bakteriar vert resistente. Det er ingen nye antibiotikum på veg frå industrien.

Steinbakk er overlege ved Folkehelseinstitutet, og viste resultat frå kartlegging av korleis nordmenn brukar antibiotika. Han kallar medisinane for ein «avgrensa fellesressurs.»

Fungerande prototype
Stadig fleire vert smitta av såkalla ESBL-produserande bakteriar. Slike bakteriar kan uskadeleggjere dei mest vanlege antibiotikuma som vert nytta i behandling. Bakteriane flyttar seg gjerne frå tarmen til urinvegane, der dei gir betennelse.

– Testen fungerer ved at vi tilsett eit gulfarga jukse-antibiotika til urinprøven. Dei ESBL-produserande bakteriane vil tru at dette er vanleg antibiotika, og så bryte det ned. Då skiftar stoffet farge, frå gul til raud, fortel Gjølberg.

Det tverrfaglege teamet har i faget iGEM (International Genetically Engineered Machine) 3D-printa ein boks med små hol til prøvane og ei opning til ein mobiltelefon. Slik kan kameraet på mobilen avgjere om prøven har skifta farge, frå gul til raud som eit bevis for at urinprøven inneheld antibiotikaresistente bakteriar.

– Vår oppgåve er ikkje å foreslå kva for antibiotika som er best, men denne testen kan gi legane relevant informasjon om pasientane som dei får i dag, seier dei to entreprenørane.

LES OGSÅ: Desse elevane får forske i skuletida

Prototypen på boksen til urinprøvane som kanskje har skifta farge. Foto: UiOslo iGEM.

Syntetisk urin
Ragnhild Bugge, som også er masterstudent i ved UiO, fortel at dei kjøpte syntetisk urin på internett, samt at dei tilsette laboratoriedyrka bakteriar til urinen for å gi testen nokre utfordringar.

– Vi måtte gjere mykje prøving og feiling for å få testen til å vere presis, spesifikk og biologisk relevant, seier Gjølberg.

Dei to studentane fortel at dei har lært mykje om kommunikasjon på tvers av fagfelta, og korleis verdsette andre sin kompetanse.

– iGEM er det faget som har gitt meg mest erfaring og handfast kunnskap som vert relevant for framtidige jobbar, seier Gjølberg

LES OGSÅ: Er intimkirurgi eigentleg så farleg?

UiOslo iGEM-teamet, Andre rad frå venstre: Torleif Tollefsrud Gjølberg, Hans Jakob Mollatt, Ragnhild Bugge og Paul Clarke. Første rad frå venstre: Roza Moustafa, Marthe Jørgensen og Camilla Nguyen. Foto: UiOslo iGEM.

Internasjonal konkurranse
I oktober reiste det norske teamet til Boston for å presentere ideen sin på iGEM-konkurransen, den internasjonale konkurransen for syntetisk biologi. Det er stor prestisje for mange land å delta, og lag frå heile verda hadde med seg ambisiøse og viktige prosjektidear.

– Vi vart premiert med gull av komiteen fordi vi hadde oppfylt alle krava frå iGEM. Internasjonalt er iGEM ein svært anerkjend konkurranse. Vi er første lag frå UiO som har fått gull, så det var ein fin løn for alt strevet det siste året, seier Bugge.

Framover skjer det fleire spanande ting.

– Vi er i dialog Inven2, UiO sitt kontor for overføring av teknologi frå akademia til industri. Dei vurderer om delar av ideen vår kanskje kan bli til eit selskap i framtida, seier Gjølberg.

LES OGSÅ: CRISPR-teknologi testa på pasient for første gang

Vil du lære meir om antibiotikaresistens, sjå videoen til Helsedirektoratet her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE