Ny forsking: Tar du badstove kvar dag, kan du sleppe å bli dement

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ta badstove – unngå demens

YLE, det finske svaret på NRK, melder om at resultata frå ei 20 år lang undersøking no er klare:

Menn som tar badstove fire til sju gonger i veka, har 66 prosent lågare risiko for å få demens og Alzheimer, samanlikna med dei som tar badstove «berre» éin gong i veka.

Undersøkinga er gjort av forskarar ved Östra Finlands universitet, som har publisert funna i forskingstidsskriftet Age and Ageing. Det er første gongen nokon har forska på samanhengen mellom sauna og demens (ifølgje forskarane sjølve– og me trur dei).

LES OGSÅ: Virus med gift-gen frå svart enke skaper frykt

Funn frå den same undersøkinga har tidlegare vist at gode badstove-vanar også beskyttar mot hjerte- og karsjukdomar, opplyser YLE. Professor Jari Laukkanen, som har leia undersøkinga, meiner det kan vera ein samanheng mellom desse gunstige helseverknadene.

– Me veit at tilstanden for hjerte- og karsystemet også påverkar funksjonen til hjernen. Dessutan kan den velferda og den avslappinga ein kjenner ved badstovebad ha noko å seia, seier Laukkanen.

LES OGSÅ: Er intimkirurgi eigentleg så farleg? Me har sett på forskinga.

Forskarar lagar sperm på labben. Kan det gjere menn overflødige?