Kommunar får flagge med regnbogeflagg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjem snart til ein kommune nær deg

Ifølgje Adresseavisen sender Kommunaldepartementet forslaget ut på høyring onsdag.

– Når det gjeld flagglova, så er det lagt opp til at bystyra kan fastsette eit reglement der dei kan flagge med til dømes Rosenborg-flagget på store dagar, eller andre idrettsflagg ved spesielle arrangement. Dette blir avgjort lokalt, vi har tillit til at dei folkevalde finn gode løysingar, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Han forsikrar samtidig at det ikkje blir fritt fram på 17. mai og andre offentlege flaggdagar. Då er det norske flagg som gjeld.

– Reglane for flagging på offentlege dagar vil framleis gjelde, seier Sanner.