Kvifor finn vi ikkje denne tittelen hos TV2 og NRK? Media må ikkje gjere same feil med Hagen som dei gjorde med Trump.

Åsmund H. Eikenes
Åsmund H. Eikenes

KOMMENTAR:

Mandag kveld vart Carl I. Hagen valgt til 4. plass på lista til Oslo FrP. Han vil tilbake på Stortinget.

Hagen peikar på «klimahysteriet» som ei viktig sak fram mot stortingsvalet neste år, og uttalar at det ikkje er samanheng mellom CO2-utsleppa og temperaturen, at det var like varmt i vikingtida som det er no.

«Klassisk konflikt»
TV2 løyser saka slik:

Tv2CarlIHagenKlima

Faksimile frå TV2

NRK løyser det på same måte:

NRKCarlIHagenKlima

Faksimile frå NRK.

I tillegg til å gjengi utsegna til Hagen i titlane, set journalistane Hagen sine utsegn opp mot ein klimaforskar. Ein klassisk konflikt, A mot B, der lesaren implisitt tenker at dei to sidene av saka er jambyrdige og presentert i ei rettferdig framstilling.

I forskinga på klimaendringar eksisterer ikkje den klassiske A mot B, fordi målingane er så tydelege. 

Klokkeklare forskarar
TV2 har intervjua Kikki Flesche Kleiven, klimaforskar ved Universitetet i Bergen, medan NRK har invitert Bjørn H. Samset, klimaforskar ved CICERO, til Dagsnytt 18-studio.

Forskarane er klokkeklare: Utsegna til Hagen er ikkje i tråd med målingane frå forskingsstasjonar rundt om i verda. Temperaturen stig, det skuldast auka CO2, og Hagen tek feil.

Når Hagen uttalar at det ikkje vert varmare, men solide målingar frå heile verda viser at det har blitt varmare dei siste 150 åra, er det at Hagen tek feil som er saka, ikkje sjølve påstanden til Hagen.

TV2 og NRK sine overskrifter burde vore: Hagen tek feil om klima.

Eigne fakta
Carl I. Hagen har sjølvsagt rett til å meine akkurat det han vil, og kan sjølvsagt vere klimafornektar om han vil det. Men han kan ikkje finne opp eigne fakta.

Når TV2 og NRK ikkje gjer jobben sin – faktasjekkar utsegna til Hagen og fortel publikum at Hagen ikkje snakkar sant – er dei i staden ein megafon for folk som fornektar fakta. 

Publikum får inntrykk av at basisen for klimaendringar er under debatt. (Det er sjølvsagt debatt om nyansar, modellar og prediksjonar, men ikkje debatt om at det skjer.)

LES OGSÅ: Så lite kuttar partia i klimautsleppa

Trump og Hagen
Hagen har sjølv uttala at Donald Trump liknar på han. Mellom anna har dei til felles at dei meiner dei kan seie kva som helst og komme unna med det.

– Eg veit ikkje kva som er sanning. Eg synest ikkje det er det store spørsmålet, uttalte Carl I. Hagen i Politisk kvarter 27. september om diskusjonen rundt Trump si støtte til krigen i Irak.

Under den amerikanske valkampen hadde amerikanske journalistar store problem med å handtere Trump sin lemfeldige omgang med fakta, og at han ikkje ville vere ansvarleg for det han tidlegare hadde sagt.

«Den nye normalen», skriv Columbia Journalism Review om korleis handtere den komande presidenten.

Trump veit også at alt han tvitrar vert ei nyheitssak, og at han enkelt kan kontrollere skifte i nyheitsbiletet. Eitt døme er tweeten med skuldingane mot musikalen Hamilton, sendt ut på eit tidspunkt som avleia merksemda frå forliket der Trump betalte 25 millionar dollar for å unngå rettsak om Trump University.

Utsegna om 3 millionar illegale innvandrarar som stemte ved presidentvalet fekk også mykje merksemd, der somme medium gjentok dei usanne påstandane, medan andre opplyste om faktafeilen til Trump i overskriftene sine.

«That is the story.»
Politisk vitskapsforskar Brendan Nyhan uttalte følgande om korleis journalistar bør handtere Trump sine post-faktuelle utsegn i eit intervju med ProPublica:

«The burden of proof can’t be on the media to disprove every crazy claim that the president-elect makes. The story here is the president-elect yet again made a baseless claim. That is the story.»

Det same gjeld for Carl I. Hagen. Det er ikkje utsegna hans som er nyheita, det er at han ikkje lyttar til eller trur på faktainformasjon som er nyheita.

For ordens skuld: Nei, det var ikkje varmare i vikingtida, og jo, CO2 i atmosfæren gjer at temperaturen på jorda aukar. Les Bjørn Samset sine kommentarar til Hagen, og sjekk ut grafane på eigen hand på heimesida til NASA.

Er du i tvil om temperaturen aukar. Her er den viktigaste grafen frå NASA:

GlobalTemp

Les meir om KLIMA

Oppdatert: måndag 5. juni 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE