Ei ny undersøking viser at det er mest song på bokmål i barnehagane i nynorskområde.

mm

Tre av fire barnehagar i nynorskområde syng éin eller fleire songar på bokmål i løpet av ein vanleg dag. Det viser ei undersøking som kulturavisa Pirion.no har gjennomført i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

256 barnehagar har svart på undersøkinga som gjekk ut til 728 barnehagar i nynorskkommunar og språkdelte kommunar.

LES OGSÅ: Den usensurerte historia om Santa Lucia

Mest nynorsk i Hordaland
Knapt tre av fem barnehagar syng minst éin song på nynorsk kvar dag. Rett under halvparten syng på dialekt dagleg.

Song på nynorsk og dialekt er mest vanleg i Hordaland. Her syng 70 prosent av barnehagane på nynorsk minst éin gong om dagen. Litt over halvparten svarar at dei syng på dialekt. Hordaland er einaste fylket der song på nynorsk er meir vanleg enn bokmål i nynorske barnehagar.

I Rogaland syng 87 prosent av dei nynorske barnehagane på bokmål kvar dag. Under halvparten syng på nynorsk.

Kan få konsekvensar
På spørsmål om kva som skal til for at barnehagane skal bruka meir nynorsk, svarar flesteparten av styrarane i barnehagane at bevisstgjering og tilgang til materiell er det viktigaste.

Hege Myklebust (bildet), høgskulelektor og stipendiat ved Høgskolen Stord/Haugesund, er samd i at det er trong for meir medvit om kva språk ein syng på.

– Det finst ganske mykje materiell, men det krev meir av personalet å finna det fram.

Ho oppmodar barnehagane til å laga planar for korleis ein kan bruka meir nynorsk i barnehagane.

– Det er ikkje sikkert at dei som jobbar i barnehagane tenkjer over kor viktige dei språklege aktivitetane i barnehagane er for skriftspråkopplæringa som borna skal ha seinare. Det er støtte i forskinga for at nynorsk i barnehagane er eit viktig grunnlag for borna, avsluttar høgskulelektoren.

Visste du at Santa Lucia er gjendikta til nynorsk av Ingvar Moe? Les teksten her eller sjå notar og komp på Tunkatten.no!

På Nynorsksenteret.no finn du ei oversikt over kvar du kan finna fleire nynorske songar!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

Kommentarar

ANNONSE