KrFU: – God start for å nå klimamåla
Meir til klima og helsesøstrer.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me har hatt store forventingar til eit grønt skifte i dette budsjettet. KrFU meiner det bør kosta endå meir å forureina, men me meiner at dette budsjettet er eit steg i rett retning, seier Ida Lindtveit, leiar i KrFU.
Ho er glad for budsjettet har auka drivstoffavgifter, men ikkje så nøgd med at fossilbilar får ei samla avgiftslette.
– KrFU meiner avgiftene burde vore høgare slik at miljøvenlege bilar ville blitt meir konkurransedyktige. Dette er ein god start, men me krev at det skal kosta meir for å forureina, og bli billegare å velja miljøvennleg i budsjettet for 2018, seier Lindtveit i ei pressemelding.
Her er nokre av klimatiltaka i budsjettet:
• Billegare miljøvennlege bilar.
• Det vert sett krav om 20 % innblanding av biodrivstoff.
• Det skal innførast ein flat Co2-avgift, der næringslivet får tid til å omstilla seg.
• Det blir oppretta eit Co2-fond for å styrkja arbeidet til næringslivet med å redusera utslipp.
• Forsøk med fossilfrie byggeplassar.
• Alle dei store hamnene i Noreg skal ha landstraum for cruiseskip
• Stor satsing på karbonfangst- og lagring (CCS)
• Kraftig auka vrakpant for fossile bilar dersom dei blir erstatta med ein miljøbil.
• Kutt i Miljødirektoratet blirreversert
• Forbod mot nydyrkning av myr
Natur og Ungdom meiner statsbudsjettet er tidenes klimabudsjett, men kunne gjerne tenkt seg endå fleire klimatiltak.
Venstre-leiar Trine Skei Grande seier dette:
– Kvart einaste budsjett som blir vedtatt i Stortinget framover må vera tidenes miljø- og klimabudsjett. Det er heilt naudsynt om at me skal nå klimamåla våre, og kutta utsleppa med 40 prosent innan 2030, slik me har forplikta oss til gjennom Paris-avtalen, seier ho i ei pressemelding.
Fleire helsesøstrer
Her er nokre av dei andre tiltaka som regjeringa blei samde med Venstre og KrF om:
• 700 millionar meir til bistand enn den Regjeringa først foreslo.
• 20 millionar til å styrkja barnefagleg kompetanse i heile asylforvaltinga.
• 20 millionar til psykisk helse i skulen.
• 150 millionar meir enn den Regjeringa først foreslo til fleire helsesøstrer og skulehelsetenesta.
• 1,5 millionar til abortførebyggande arbeid.
• Auka eingongsstønad med 15.000 kroner.
– Me er spesielt nøgd med midlane til arbeid med psykisk helse, eingangsstønad og bistand. Dette er saker me lenge har jobba med og no ser me resultat. Fleire helsesøstrer vil ha mykje å seia for barn og unge som slit, seier KrFU-leiar Ida Lindtveit.