Kan bli nøydd til å kutta i nynorsktilbod for unge

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag kveld blei regjeringa og samarbeidspartia Venstre og KrF samde om ei budsjettløysing.

– Eg er hoppande glad! slik reagerer Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum på at budsjettforliket inneheld 1,2 millionar til Vinje-senteret for dikting og journalistikk i  Vinje i Telemark.

Nynorsk pressekontor får ein halv million meir, og det same får Nynorsk avissenter.

Ber Stortinget om hjelp
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) får derimot langt mindre enn dei håpte.

– Eg er sjølvsagt glad for at Nynorskkommunane gjennom budsjettforliket no er tilbake på statsbudsjettet att, men skuffa over at summen berre er på 300.000. Søknadssummen var 1,5 million. Dersom dette blir den endelege løysinga, kjem ikkje LNK utanom å måtta kutta i nynorsktilboda våre til barn og unge. No håpar me på hjelp frå Stortinget nok ein gong, seier dagleg leiar Vidar Høviskeland.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar mista den faste støtta i statsbudsjettet frå 2015. Dei siste to åra har Kommunalkomiteen redda LNK i siste liten gjennom ekstra prosjekttilskot. Arbeidet i komiteane startar i desse dagar.

Eit kutt i statsstøtta vil gå hardt ut over populære nynorske tilbod til barn og unge som Framtida.no, Magasinett og Pirion. Desse tilboda for barn og unge har til saman nær ein halv million brukarar i året. I tillegg driv LNK med språkkurs, språkleg rettleiing og anna nynorskarbeid retta inn mot dei 123 medlemene.

Dei 18 institusjonane og organisasjonane som er organisert i Nynorsk Forum stilte seg tidlegare i år bak kravet om ei løyving til LNK på 1,5 million kroner i 2017 – i tillegg til dei andre nynorsktiltaka som fekk auke.

LNK er økonomisk ansvarleg for drifta av Framtida.no.