KrF bryt budsjettforhandlingane – statsministeren gir ikkje opp

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag gjorde Venstre det kjend at partiet bryt med regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet i forhandlingane om statsbudsjettet for 2017. Etter eit ekstraordinært møte i stortingsgruppa følgjer Kristeleg Folkeparti i dag etter.

– Det er ikkje tvil om at regjeringa har kome KrF og Venstre i møte på fleire område. Det er vesentleg avstand, men også framsteg. Hovudbiletet er likevel at vi står langt frå kvarandre på viktige saker for KrF, det gjeld barna, det gjeld distrikt, det gjelder det grøne skiftet, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide ifølgje ei pressemelding.

Hareide har likevel ikkje gitt opp håpet om ei løysing mellom dei fire samarbeidspartia, og oppmodar regjeringa til å tenkje seg om éin gong til.

– Det er regjeringa sitt ansvar å få fleirtal for eit budsjett. Kjem dei på andre tanker, kan eg seie at KrFs dør står open 24 timar i døgeret til budsjettet blir behandla i Stortinget måndag 5. desember, seier partileiaren.

LES OGSÅ: Norske politikarar har redusert det grøne skiftet til ein diskusjon om drivstoffavgift. Det har verken vi eller kloden råd til, skriv Mari Hasle Einang og Idunn Lavik i Changemaker.

Etter at brottet blei klart onsdag, sa Erna Solberg under ei pressekonferanse at ho har invitert leiarane for KrF, Venstre og Framstegspartiet til eit nytt møte for å sjå om dei fire partia kan bli einige likevel.

Ho stod fast på at Høgre og Framstegspartiet har strekt seg langt for å kome samarbeidspartia i møte, og gav ingen nye lovnader om endringar i bil- og og drivstoffavgiftene, slik Venstre og KrF har kravd.

– Mitt fokus er éin ting, og det er å finne ei løysing før måndag. Eg har framleis håp om at me finn ei løysing, sa statsministeren.

Trass i Solbergs optimisme, melder kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på Twitter at han vil ty til flaska for å roe nervene: