Fleire lærarar gav ikkje meir læring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I det fireårige forsøket, som den raudgrøne regjeringa tok initiativet til i 2013, vart til saman 573 lærarårsverk spreidde på 165 ungdomsskular rundt om i landet. Målet var å sjå om elevar ved skular med låg lærartettleik og svake gjennomsnittskarakterar fekk betre utbytte av undervisninga når lærarane vart fleire. Det gjorde dei ikkje i det heile, viser rapporten.

– Effektane på skriftleg eksamenskarakter finn vi å vere ganske presist lik null, skriv Statistisk sentralbyrå i delrapporten.

LES OGSÅ: Færre vil bli lærar

Klassane i forsøket krympa i gjennomsnitt frå 21 til 19 elevar når skulane fekk fleire lærarar.

Den førebelse konklusjonen er nokså eintydig, meiner forskarane: Skulane som får ekstra ressursar, reduserer gruppestorleiken i den ordinære undervisninga, men det er få teikn til at læringsutbyttet til elevane blir påverka positivt eller negativt i desse skulane.

Statistisk sentralbyrå skal i ein annan delrapport sjå på effektane av auka lærartettleik på læringsmiljøet og bruken av spesialundervisning. Sluttrapporten skal vere klar i desember 2017. (©NPK)

LES OGSÅ: – Ein siger for nynorskelevane i ungdomsskulen