22,2 prosent av jentene og 3,5 prosent av gutane på 16 år slit med emosjonelle problem, ifølgje ein ny studie. Delen jenter som slit, er dobla på ti år. Forskarane er skremde over tala.

NPK-NTB
NPK-NTB

Forskarar ved NTNU har spurt både gutar og jenter på 13 vidaregåande skular i Sør-Trøndelag om emosjonelle vanskar, eigenverd, kroppsbilete, meistring og unngåing. Svara overraskar forskarane. Heile 22,2 prosent av jentene dei snakka med, seier dei slit med det forskarane definerer som «emosjonelle vanskar», skriv Klassekampen.

I den siste store norske rapporten om temaet, Akershus-undersøkinga frå 2004, gjaldt dette 11 prosent av jentene.

– Dette er skremmande tal, seier førsteamanuensis Per Egil Mjaavatn ved NTNU, ein av to forskarar bak undersøkinga. I fjor haust reiste han og medforskar Per Frostad rundt for å snakke med 16-åringar. Målet var å få oversikt over kvifor ungdom ikkje greier å fullføre vidaregåande skule. Dei same elevane skal følgjast til dei er ferdige med vidaregåande opplæring.

Kontrasten mellom svara til gutane og jentene i undersøkinga er slåande. Berre 3,5 prosent av gutane oppgir sjølve at dei har emosjonelle vanskar. Mange av jentene svarer at dei mistar trua på seg sjølv om dei svarer feil, at dei ofte er misnøgde med seg sjølve og at dei ikkje likar sin eigen kropp. Forskarane veit enno ikkje kvifor jentene slit meir enn gutane.

Les intervjuet med Eirin (21), som opna seg om sine psykiske problem i «Jeg mot meg»: – Serien blei vendepunktet eg trengte for å bli betre

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

Kommentarar

ANNONSE