Bedriftsleiar: – Karakterane er ikkje så viktige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Karakterane er ikkje så viktig

Saka er henta frå Nordhordland.

– Dei må jobba hardt, seier dagleg leiar i RadøyGruppen, Lasse Ståløy.

Tysdag og onsdag denne veka vart det arrangert yrkes- og utdanningsmesse i Nordhordlandshallen i Knarvik. RadøyGruppen er ei av fleire bedrifter som var til stades.

– Møt opp på skulen
– Messa kan absolutt vera ein døropnar for å få læreplass hjå oss, seier Ståløy, som rår ungdommar som ønsker læreplass til å nytta høve til å ta direkte kontakt og prata med dei som står på stands, for å kartleggja moglegheitene for læreplass og jobb.

– Som bedriftseigar ser eg etter nokon som gir eit bra inntrykk, har interesse for faget, har lågt fråvær og vil utvikla seg. Karakterar er ikkje så viktig som mange trur, men dei må bevisa at dei har møtt opp på skulen, seier Ståløy.

LES OGSÅ: NHO ønskjer at fleire tar yrkesfag

Vil ha unge i jobb
I haust gav RadøyGruppen alle lærlingar som bestod fagbrev tilbod om fast jobb. Sjølv om dette ikkje er sjølvsagt i dagens jobbmarknad, meiner Ståløy det er ei viktig prioritering.

– Det verste som kan skje ein arbeidsplass er gjennomtrekk og forgubbing. Ein må ha eit langsiktig perspektiv på rekruttering, seier Ståløy, som legg til at god kjemi mellom kollegaer også er viktig.

– Det hjelper ikkje å vera god i faget, og ha gode karakterar, viss ein ikkje gjer ein innsats for å finna seg til rette, seier han.

LES OGSÅ: Nedtur for Torkjell (20) – fekk sveinebrevet på bokmål

– Ikkje bra å sluntra unna
Fredrik Solberg (16), Ida Rossland (16) og Teolina Skjervheim (16), som alle går VG1 på TIP-linja på Knarvik VGS trur noko av det viktigaste for å få jobb er å ha lite fråvær, vera høfleg, og koma til rett tid.

– I tillegg bør ein vera arbeidsvillig og ikkje sluntre unna, seier elvane, som alle skal på utdanningsmessa.

Dei vil nytta høve til å prata med potensielle arbeidsgivarar.

– Det har dei siste åra vorte vanskelegare å få læreplass, så det er viktig å gje eit godt inntrykk, seier Teolina Skjervheim, som fortel at ho på fjorårets messe sikra seg læreplass då ho tok kontakt med eit firma på messa.

Les også dette sterke debattinnlegget: «Eg har høyrt folk presentere seg sjølv som ‘berre’ tømrar», skriv vernepleiar Elisabeth Bjordal Gill, som meiner det er på tide å innsjå verdien i yrkesfaga