Naturressursar skal bli til arbeidsplassar

Regjeringa vil skape fleire arbeidsplassar og meir verdiar i grøne næringar som hentar ressursar frå jord, skog og hav. I dag lanserer dei sin strategi for bioøkonomi.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa vil satsa på bioøkonomi

– Rike naturressursar og høg kompetanse gjev oss konkurransefortrinn i overgangen til lågutsleppssamfunnet. Regjeringa legg til rette både for omstilling av tradisjonell industri og utvikling av heilt nye næringar, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Fleire departement står bak regjeringas strategi for bioøkonomi. Heilt konkret vil regjeringa frå neste år bruke 50 millionar kroner på forsking og sette i gang to testsenter.

Det skal også etablerast eit investeringsselskap for støtte til klimavennleg teknologi, og låneordninga i Innovasjon Noreg skal styrkjast med 300 millionar kroner.

Strategien tek også opp behovet for å lette transporten av tømmer, utvikle skogsvegnettet og auke utnyttinga av artar i havet. Auka bruk av biodrivstoff er også ein del av strategien. (©NPK)