Sirkus på skulen skal gi betre læring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kven har sagt at ei førelesing skal væra keisam? Pedagogikklærar Paul Erik Rosenbaum inviterte studentane i Praktisk Pedagogisk Utdanning (PPU) på Høgskolen Stord/Haugesund til ein halv dag med ein heller original form for undervising.

Sinnet opnar seg
Rosenbaum har nemleg erfaring som sirkusgjøglar i Danmark, og viser gjerne nokre triks for studentane sine.

– Eg ønskjer å visa at sirkusleikar forsterkar molegheita for læring i skulen, i større grad enn om ein ikkje hadde teke med leik i undervisinga, seier Paul Erik Rosenbaum, som for anledninga sjølvsagt var i full mundur med lausbukse og flosshatt, i parallell til hans fortid som gjøglaren «Fabriano» i København.

Og gjennom plansjane på lerret, og med sitt ivrige og danske språk, fortel han om alt frå historia bak pedagogiske tilnærmingar, til resultat frå moderne neurologisk forsking som peikar mot at stimuli som sirkusleik, er med på å gjera elevar meir mottakelege for læring.

Frithjof Nikolai Wilborn øver seg på å sjonglera med klutar før han går over på sjonglerings-ballar. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

LES OGSÅ: Lærer meir med fysiske mattetimar

Triks av rare slag
Etter at den kjappe tavleundervisinga var unnagjort står sjonglering først på planen. Studentane startar med dukar som dei hiv i lufta ein etter ein. Og etter kvart som dei meistrar fleire dukar, går dei over til ballar.

– Eg klarte å sjonglera heile seks gonger før dei datt ned, seier PPU-student Solveig I. Rivelstad.

Ho har òg sansen for deira neste øving. Spinnande tallerkenar.

Ei øving som ser svært vanskeleg ut ved første augnekast. Studentane meistrar kunsten på få minutt, og alle er i stor begeistring.

– Tada! Sjå på meg, seier Hilde Brandal, medan tallerkenen spinn oppå pinnen.

Nok eit triks i boks.

Då er det tid for å vri brytaren på maks. Solveig får ein pose med glasflasker i seg, og får beskjed om å leggja den på golvet. Og å smadra den med ein hammar.

Rosenbaum tømmer glasskåra ut og spør om studentane vil prøva å stå på dei skarpe bitane. Og ein etter ein prøver dei seg. Og ingen blir skadde.

Og når «Fabriano» dreg fram spikarmatta er det sameleis. Ingen var dei skumle spikrane går gjennom føtene.

– Menneskehuda er veldig elastisk, og toler ekstremt mykje, seier Rosenbaum entusiastisk.

Spinnande tallerkenar tek ikkje lange tida å læra seg, ifølgje Paul Erik Rosenbaum, som syner studentane korleis dei beveger pinnen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

LES OGSÅ: Doktoren som kjempar for dataspel i skulen

Verktøykasse for lærarar
Etter den høgst spesielle undervisinga strålar studentane ut av døra, og verkar til å ha hatt si livs undervising. Men så kjem det store spørsmålet. Kva sit dei igjen med?

– Prinsippa bak det me har lært oss her kan me jo bruka i undervisinga. Ein ting er for barneskuleelevar, men eg trur at ein med hell også kan bruka det i den vidaregåande skulen, sidan det er mindre venta der kanskje, seier PPU-student Frithjof Nikolai Wilborn. Som sjølv er historielærar i ungdomsskulen.

– Opplegget var kjempekjekt, og så fekk me god meistringskjensle, held Solveig I. Rivelstad fram. Ho jobbar som lærar i vidaregåande skule. 

– Om me med desse verkemidla klarar å formidla vidare desse kjenslene me opplevde her i dag, over på elevar i starten av ein time til dømes, ja, då klarar me kanskje å få inn litt ekstra kunnskap i hovuda deira også, seier PPU-student og økonomilærar Hilde Brandal.

– Men det blir nok ikkje glasskår på golvet i klasserommet med det første, smiler Solveig I. Rivelstad.

LES OGSÅ: Kjeft har negativ effektiv på læring for alle

LES OGSÅ: Gruppearbeid er ein katastrofe

Berre føter ståande på glasskår står for tur, og Solveig I. Rivelsrud får i oppdrag å knusa ein pose med glas. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN


Med forsiktige føter legg Hilde Brandal føtene over dei skarpe glasskåra. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN


Hilde Brandal jublar over glasskår-bragda føre meir eller mindre sjokkerte medstudentar. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN


Isak Bang tek trikset eit steg lengre, og legg seg over glasskåra i berris. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN


Hilde Brandal står oppå brystet til Isak Bang som ligg over glasskåra på golvet, medan Paul Erik Rosenbaum sørgjer for at alt går riktig for seg. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN