…men småsøsken startar oftare eiga bedrift.

mm

Førstefødde får meir merksemd, har høgare IQ og er meir ansvarsfulle. Dei i midten vert oversett, medan minstemann har ord på seg for å vera morosam og kreativ. Ofte er studiane små og overskriftene store.

No meiner svenske ekspertar at dei er dei første som kan fastslå truverdige årsakssamanhengar mellom syskenplass og personlegdom.

Initiativrike og kjenslemessig stabile
Rapportforfattarane frå Institut för arbetsmarknads- och utbildningspolitisk utvärdering (IFAU) har henta ut informasjon om personlegdom og yrkesval om nesten to millionar svenskar frå 1969–2009.

Dei slår fast at plassen i søskenflokken påverkar både personlegdom og yrkesval. Storesysken har betre sosial kapasitet enn sine yngre søsken. Dei er òg meir uthaldande, initiativrike, sosialt modne og kjenslemessig stabile, ifølgje pressemeldinga.

– Sysken har i snitt same genetiske føresetnadar. Gjennom å studera korleis plasseringa i syskenflokken påverkar individet, kan me betre forstå korleis skilnadar i oppvekstmiljø påverkar menneske sine sjansar i livet, seier Björn Öckert, som er ein av rapportforfattarane.

LES OGSÅ: Arbeidstakarar har mest tru på kvinnelege sjefar

Hillary og Merkel
Storesysken klarar seg betre på arbeidsmarknaden og har kring 20 prosent større sjanse for å verta sjef enn tredjemann i søskenflokken. Skilnaden i sysken sin yrkessuksess ser ut til å vera større, dersom dei kjem frå ein syskenflokk med berre brør eller systrer.

Ei britisk studie frå 2014 omtalt i The Guardian viser òg at om du er eldste jenta, er det sannsynleg at du er den mest ambisiøse og kvalifiserte i heile familien.

Visste du til dømes at både Angela Merkel, Hillary Clinton, Christine Lagarde, Oprah Winfrey, Joanne Rowling og Beyoncé er eldst i søskenflokken sin? Eller at alle dei 12 mennene som har gått på månen, var anten eldst eller eineborn?

Men ifølgje den britiske studien kan foreldre jamne ut forskjellane dersom dei ventar fire år mellom kvar fødsel.

LES OGSÅ: Master aukar sjansen for relevant jobb

Meir TV, mindre lekser
Ifølgje den svenske rapporten, som er omtalt i Utdanningsnytt, brukar eldstemann meir tid på lekser og lesing, enn sine yngre søsken, som ser meir TV og spelar dataspel.

Foreldre ser òg ut til å vera mest engasjert i den førstefødde, noko som ifølgje rapportforfattarane kan vera ei viktig forklaring på kvifor dei har betre sosial kapasitet og gjer andre yrkesval enn småsysken.

Kvifor småsysken oftare startar eige føretak, har dei derimot ikkje ei forklaring på.

– Me veit ikkje om det kjem av at småsysken er meir risikovillige og kreative, eller fordi dei har vanskelegare for å få jobb, seier Öckert.

LES OGSÅ: Karakter-jag skaper færre gründerar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

ANNONSE