«Sidemål bør vere valfritt». «Prioriter eit ekstra framandspråk framfor to norske skriftspråk». «Sidemål påverka snittet mitt frå vidaregåande». «Eg hatar nynorsk».

Gunnhild Sofie Vangsnes, Studvest
Gunnhild Sofie Vangsnes, Studvest

Først publisert i Studvest.

Mange vil sikkert kjenne seg igjen i eller seie seg einig i utsegnene ovanfor. Eg gjer det. I oppveksten var eg ei av mange språkforvirra born med ei mor frå aust og ein far frå vest. Talespråket mitt var ei blanding av ord frå mamma og ao-endingar frå sognadialekta. Til tider hadde eg eit tonefall som kunne samanliknast med ein gut i stemmeskifte frå Austlandet. Eg var som ungar flest, lett å påverke.

Då avtalen om ein felles Vestlandsregion vart presentert i september, sa fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, at nynorsken er viktig på Vestlandet. Men ho la også til at det for rogalendingar vil vere unaturleg å ha det som hovudmål. Nynorsk har tradisjonelt stått sterkt i Rogaland. Likevel vel elevar bort skriftspråket. I dag er 23 prosent i grunnskulen og 5,8 prosent på vidaregåande skule i Rogaland nynorskbrukarar, i følge Statistisk Sentralbyrå. Det står i stor kontrast til Sogn og Fjordane. Her har 97,56 prosent i grunnskulen og 85,8 prosent på vidaregåande skule nynorsk som hovudmål.

Ut frå desse tala kan mange tru at nynorsk er populært blant unge i Sogn og Fjordane. Det er ikkje alltid tilfelle. For ei språkforvirra tenåringsjente frå Sogn vart nynorsk konservativt og rart. Det var rett og slett ikkje kult. I protest mot nynorsk skreiv eg på bokmål til venner og kjente. Kvifor skulle eg skrive «morosamt» når noko var «morsomt»?

Etter eit par slitsame år som ein språkforvirra unge kom eg meg ut av bobla, og i dag snakkar eg sognadialekt. Dialekt, som tidligare var ein komplikasjon vart no stempla som kult. Nokon sa til og med at dialekt var sexy. Då tok det ikkje lang tid før eg drog fram ao-endingane. Men trass i at dialekt er blitt kult og sexy, opplever eg dagleg som student i Bergen at medstudentar ikkje forstår det eg seier. Eg brukar nynorsken som eit hjelpemiddel når eg må legge om vanskelege sognauttrykk utan å måtte legge om til ein heilt anna dialekt. Eit eksempel kan vera at «Keleis gaor da?» vert lagt om til «Korleis går det?». For meg ville det vore veldig unaturleg å skulle ha sagt «Hvordan går det?». Nynorsken er eit felles skriftspråk for alle nordmenn som gjer at vi kan kommunisere med kvarandre utan å måtte sei «hæ» tre gonger eller legge om til ein heilt anna dialekt.

QUIZ: Skjønna du sognamaol?

Som de ser er nynorsk eit knutepunkt i daglegtalen, like så godt som i skriftspråket. Nordmenn er glade i tradisjonar og dialekter, men er også tilpassingsdyktige. Vi ynskjer å forstå kvarandre. Dersom dette skal oppretthaldast er ein i eit land som Noreg, med tallause unike dialektar, avhengig av to ulike skriftspråk. «Er det ein region i Noreg der det er naturleg at administrasjonsspråket er nynorsk, så er det Vestlandsregionen». Det sa byrådsleiar i Bergen, Harald Schjelderup, i eit intervju med Bergens Tidende. Han har heilt rett.

Eg tok eit oppgjer med min eigen protest mot nynorsk som 17-åring. Haldningsendringa har vore viktig i arbeidet for å ta vare på mi eiga dialekt. Vi må få bukt med grobotnen for nynorsk-skeptikarar. Om ikkje Vestlandsregionen skal ha nynorsk som skriftspråk, kven skal ta vare på nynorsken då? Utan Vestlandsregionen vil nynorsken forsvinne, og utan nynorsk vil særprega i dei norske dialektane forvitrast og døy ut. Er det noko dialektglade nordmenn eigentleg ynskjer?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE