Er norsk eitt eller to språk?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I debatten om målformene hender det innimellom at ein må ta stilling til spørsmålet om bokmål og nynorsk er eitt språk eller to språk. Svaret kan vere litt forskjellig, alt etter kven ein spør, og kva slags kriterium ein går ut ifrå.

Dansk, svensk og norsk
Offisielt er dansk, svensk og norsk tre ulike språk. Nokon vil ut frå sin ståstad og sin retorikk kunne seie at dei er ulike språk fordi språkforskjellane er «påtvinga befolkninga» på grunn av den politiske situasjonen. Danmark, Sverige og Noreg er ulike land og dermed ulike politiske einingar som gjer meir eller mindre uavhengige vedtak.

Offisielt var dansk eit «påtvinga» skriftspråk i Noreg i fleire hundre år fordi ein var i union med Danmark. I 1885 blei dansk som «vort almindelige Skrift- og Bogsprog» vedteke som eitt av dei to skriftspråka i Noreg ved sida av landsmålet. Like før var det faktisk også eit forsøk på å finne ut om Danmark, Sverige og Noreg kunne bli einige om eitt felles skriftspråk for dei tre landa.

Vi har framleis tre språk, dansk, svensk og norsk. Den norske versjonen av det danske skriftspråket har blitt vidareutvikla til bokmål i samspel og motspel med landsmålet, som i samspel og motspel med bokmålet har blitt til det nynorske skriftspråket vi har i dag.

Kva tyder «uffda» og kan skandinavar lesa runer? Dette lurer internett på om norsk språk!

Skriftlege variantar av same språk
Den offisielle haldninga i den offentlege politikken er at Noreg har eitt norsk språk, og det er norsk. Norsk omfattar alle dei norske dialektene og dei to skriftvariantane (målformene) bokmål og nynorsk.

Frå eitt perspektiv er bokmål og nynorsk to ulike skriftspråk. Frå eit anna perspektiv er dei to skriftlege variantar av det same språket, norsk. Sjølvsagt har begge variantane mange likskapstrekk, men det kan også vere nokre forskjellar.

Når det gjeld engelsk, vil mange ikkje nødvendigvis tenkje på at dette språket finst i mange variantar ute i verda. Engelskmenn og amerikanarar kan ofte bruke ulike ord om dei same tinga (lift/elevator) eller ha ulike skrivemåtar (colour/color), og dei vil ofte kunne finne dette interessant eller morosamt, men dei kranglar som regel ikkje på grunn av slikt.

Ein variant av høgtysk blir brukt som skriftspråk i Austerrike, og dei kallar språket sitt gjerne for austerrisk utan at det blir krig av det.

LES OGSÅ: Nynorsk er faktisk det beste valet på alle måtar

Kranglar ikkje med svenskar og danskar
Nokon kan ha større problem med å forstå enkelte norske dialekter enn svensk eller dansk, utan at vi derfor meiner at desse dialektene ikkje høyrer til det same norske språket.

Ut frå reint språklege kriterium er det relativt uproblematisk å seie at dansk, svensk og norsk er variantar av det same fastlandsskandinaviske språket. Det er av historiske og politiske årsaker vi har tre «ulike» offisielle språk.

I Noreg kranglar ein ikkje med danskar eller svenskar om korleis dei skriv. Det er heilt greitt. Men bokmålet sin tvillingbror nynorsk har det dessverre ikkje alltid så lett i Det norske hus.

LES OGSÅ: Fire mytar om norsk