Selma (16) og Sara Elisabeth (15) gjer som ungdom flest: droppar papiravisa og får med seg siste nytt på Instagram og Facebook.

Elise Løvereide
Elise Løvereide

Den nye rapporten frå SIFO, Statens institutt for forbruksforsking, syner at ungdommen sviktar både papiraviser og nyheitsprogram på TV.

– Dei unge ønskjer nyheiter i stor grad, berre på andre måtar enn før, seier SIFO-forskar Ingrid Kjørstad til NTB.

Ho har vore med på å undersøke haldningane og nettvanene til ungdom mellom 16 og 25 år. Dei skil seg ut frå eldre nyheitsforbrukarar, der tradisjonelle medium står meir sentralt.

– Smarttelefonar er hovudkjelde til nyheiter i denne aldersgruppa. 63 prosent av dei unge svarte at dei er interesserte, eller svært interesserte, i nyheiter. Rundt 88 prosent av respondentane sjekkar nyheiter dagleg.

– Les ikkje papiravis
Selma Dybvig frå Stavanger (16) kjenner seg att.

– Eg ser sjeldan på TV og les heller ikkje noko papiravis. På nettstadar les eg ofte nyheiter, som til dømes vg.no eller nrk.no, men dette er ingenting samanlikna med tida eg bruker på sosiale medium. Ofte kan eg lese nyheiter på Instagram eller på Facebook, for så å gå vidare til tradisjonelle nyheitssider dersom saka interesserer meg, seier ho.

Også Sara Elisabeth Tvedt frå Bergen (15) bruker mest sosiale medium.

– Eg ser lite på nyheiter på TV eller i aviser, men les dei ofte på nett. Kanskje brukar eg 30 minutt på å lese nyheiter dagleg, fortel ho.

Skreddarsydde nyheiter
Sosiale medium er ei viktig nyheitskjelde for dei unge, men her er nyheitene meir personleg forma til brukaren sine interesser. Til dømes dukkar «likte» nyheiter frå organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar opp i nyheitsstraumen på Facebook framfor nyheitskanalar ein ikkje har vald å følgje.

– I undersøkinga definerte vi ikkje nyheitsomgrepet. Derfor er det dei unge sjølv som har definert kva dei oppfattar som nyheiter, seier Kjørstad.

Medan Sara Elisabeth seier at ho sjekkar nyheiter utover dagen, seier 68 prosent av respondentane i undersøkinga at dei sjekkar sosiale medium allereie om morgonen.

– Å gå gjennom Instagram og Facebook er noko av det første eg gjer om morgonen. Nokre av vennene mine har gjerne likt ei sak til Aftenposten, som eg då klikkar meg inn på. I det siste har eg følgd med på presidentvalet i USA. Det er ikkje alle saker som engasjerer meg, men generelt er eg opptatt av å følgje med på nyheitsbildet, seier Selma.

Ei anna fersk undersøking har vist: Unge er mindre interesserte i harde nyhende – men diskuterer like mykje som andre

Ungdom skriv sjeldan i kommentarfelt
Undersøkinga viser også noko anna interessant: Ungdom er ikkje like interessert i å diskutere nyheitssaker i kommentarfelt eller nettfora som vaksne. Berre 10 prosent seier at dei vil gjere dette, trass i at 69 prosent av respondentane seier at dei diskuterer nyheitssaker med andre personleg.

– Eg kommenterer aldri, sjølv om eg les kommentarane. Det sjokkerer meg kvar gong å sjå kva vaksne menneske kan få seg til å skrive, særleg på saker om innvandring og flyktningskrisa, seier Selma.

Heller ikkje Sara Elisabeth skriv i kommentarfelta.

– Eg kommenterer aldri på slike kommentarfelt. Men eg engasjerer meg sånn passe i nyheitsbildet, viss eg ser nokre spennande saker.

– Kunne du betalt for nyheiter?

– Nei, det kunne eg ikkje, svarar Sara Elisabeth enkelt.

Det ønskjer ikkje Selma heller – førebels.

– Ikkje i dag, men når eg blir eldre trur eg det er noko eg kunne brukt pengar på. Heime lånar eg kontoen til familien.

Les også innlegget til Sven Egil Omdal: Journalistikken død? Ikkje høyr på rykte!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE