Journalistikken død? Ikkje høyr på rykte!

Når journaliststudentar startar studiet med å skrive nekrolog over journalistikken, er det vel alvor? Eller kanskje eit teikn på kor mykje dei har å lære.

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Jeg studerer et døende yrke» skreiv Vilde Gotschalksen på kronikkplass i Aftenposten, ein av dei fremste talarstolane i landet. Ho er fersk student ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) og flink til å skildre depressive scener. Temaet hennar var talen instituttleiar Steen Steensen heldt for dei nye studentane. Han var visstnok til å gråte av.

«Det tar ikke mange minuttene før noen reiser seg fra stolene sine og går. Steensen sin tale har skremt vekk journalistspirer, i alle fall noen som trodde de var det, allerede før selve registreringsprosessen», skreiv ho. Velkomsttalen var ikkje spanande og motiverende, han var «ødeleggende».

Dersom Gotschalksen blir sittande i klasserommet, vil ho i løpet av dei neste tre åra lære mykje journalistikk. Ho vil mellom anna bli fortalt at ho ikkje må fuske med kjeldene, og ikkje skrive noko ho ikkje har dekning for. I denne kronikken gjer ho begge delar. Lærer ho kor viktig ho er som formidlar av korrekt informasjon, vil ho også forstå kvifor dette yrket ikkje kan døy. Samfunnssystemet vårt byggjer på at borgarane, både som veljarar, som forbrukarar, som deltakarar i det komplekse sivilsamfunnet og som yrkesutøvarar, gjer informerte val. Det er ikkje nok at vi vel, vi må velje på grunnlag av informasjon som er faktasjekka, truverdig og forståeleg. Dette er hovudoppgåva til journalistikken.

I talen, som ifølgje Gotschalksen skremde studentar ut av rommet, sa Steensen mellom anna at det «alltid vil være behov for journalistikk, rett og slett fordi journalistikk er en bærebjelke i ethvert demokrati». Høyrest det ut som ein dødsattest?

Steensen sa også at dei verktøya journalistane har til rådigheit, aldri har vore betre enn no. Eitt av dei heiter Google. Det er lett å finne teksten til den talen Steensen heldt, og ved sjølvsyn registrere at Gotschalksen gir ei totalt forvrengd framstilling av det han sa. Han heldt ein optimistisk, inspirerande og presis tale om nokre av kjernefunksjonane til journalistikken, og kor viktige dei er. Han oppmoda studentane til å sjå seg omkring i rommet og registrere at 80 prosent av dei er jenter, og så spørje kvifor det er slik. Så bad han dei finne ut korleis dei kan finne svaret. Det var ein kickstart på studiet.

Det stormar i mediehusa, slik Gotschalksen skriv. Men det er fordi vi er midt oppe i ein tredobbel revolusjon, slik Steensen sa; ein sosial revolusjon i måten vi kommuniserer på, ein teknologisk revolusjon som endrar kommunikasjonsmidla, og ein industriell revolusjon der gamle bedrifter fell, medan nye veks fram. «Hver dag lanseres nye medieprodukter, tjenester og nye mediebedrifter (…) Det har aldri vært bedre vilkår for å drive journalistikk enn i dag», sa han. Høyrest det ut som ein gravtale?

Vilde Gotschalksen har sin eigen blogg. Der legg ho ut bilete frå jobbane ho gjer som fotomodell, og korte tekstar om kvardagslivet, med opplysingar om at ho bruker ein treningsbehå frå Tommy Hilfiger og caps frå Adidas. Det er dessverre arbeid å få for dei som mistolkar slikt for journalistikk, men når ho er ferdig med dei tre åra ved HiOA, har ho forhåpentleg innsett at dei ressursane som blir brukte på produktplassering, innhaldsmarknadsføring, tekstreklame og lureri, ikkje blir brukte til journalistikk.

I kronikken skriv ho: «For det virker kanskje ulogisk å begynne på journalisthøyskolen i 2016. Men det virker enda mer ulogisk at en stadig nytenkende befolkning skal finne seg i å bli et samfunn uten viktige og korrekte medier.» Det er ein flott observasjon. Hadde ho høyrt etter kva Steen Steensen sa, ville ho oppdaga at han er heilt einig.


Først publisert på NDLA under CC-BY-SA-lisens