Kina kritiserer Trump for klimafornekting

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kina-kritikk av Trump vekkjer oppsikt

I dag trer Parisavtalen i kraft. Halvparten av alle verdas land har skrive under klimaavtalen som forpliktar landa til at global oppvarming skal avgrensast til under to grader, og det skal jobbast for å klara 1,5 grader.

Alle dei viktigaste utsleppslanda, inkludert Kina, USA, EU, Indonesia, India og Brasil har skrive under avtalen.

Likevel ønskjer presidentkandidat Donald Trump å trekkja USA vekk frå klimaavtalen. Trump har tidlegare påstått at varmare klima er eit påfunn frå Kina for å svekkja konkurransekrafta til amerikansk industri:

Tidlegare denne veka kom Kina med ein sjeldan kritikk av Trump:

Den kinesiske sjefen for klimaforhandlingar, Xie Zhenhua, uttala at ein vis politisk leiar må følgja globale trendar og balansera økonomisk vekst med miljøvern.

– Viss dei motarbeider denne trenden, vil eg ikkje tru dei vinn støtte frå folket, og den økonomiske og sosiale framgangen i landet deira vil også bli påverka, sa han, ifølgje Reuters.

Kina er kjent for å ikkje vera tilhengar av at andre blandar seg inn i innanrikspolitikken. Difor har kommentaren vekt oppsikt i fleire medium.

LES OGSÅ: Veit ikkje kor mykje kol Kina bruker

LES OGSÅ: Utan Kina, inga klimaløysing

Faktaboks

I desember 2015 møttest alle FN-landa til klimaforhandlingane COP21 i Paris. Der forhandla dei fram ein bindande klimaavtale som inneber:

• Global oppvarming skal avgrensast til under to grader, og det skal jobbast for å klara 1,5 grader.
• Verda skal bli klimanøytrale i løpet av siste halvdel av dette hundreåret.
• Det står ikkje noko om kor raskt utsleppskutt skal skje, berre at det skal skje så raskt som muleg.
• Nasjonale klimaplanar skal oppdaterast kvart femte år – og helst styrkast.
• Fattige land som blir ramma av klimaendringar skal få økonomisk støtte, men det blir ingen automatiske erstatningsordningar.
• Frå 2020 skal det brukast minst 100 milliarder dollar i året på klimateknologi i u-land – frå rike land og næringsliv.

Les meir på FN.no!