Breane smeltar framføre augo våre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har sidan 1991 følgt nøye med kva som skjer med breane. Særleg har dei halde auga med Bøyabreen og Store Supphellebreen i Fjærland i Sogn og Fjordane. Ved desse breane blir bresmeltinga stadig tydelegare.

– Allereie i 2014 vart det rapportert om eit «svart hol» i bretunga i Bøyabreen. Dette holet er også i år godt synleg, og det er eit tydeleg teikn på at breen blir tynnare, heiter det i ei pressemelding frå Norsk bremuseum.

Bremuseet slår fast at endringane er store sidan slutten av 90-talet. Frå 2003 til 2014 har breen til saman trekt seg 160 meter tilbake.

isbre2
Bileta viser korleis Store Supphellebreen har gått tilbake frå 1997 til 2016. Foto: Stefan Winkler og Pål Gran Kielland / Norsk bremuseum

Tendensen er den same for Store Supphellebreen som har trekt seg tilbake rundt 70 meter frå 1992 til 2014. Samanliknar ein situasjonen over lengre tid er utviklinga endå meir dramatisk. Sidan 1899, då dei første frontposisjonsmålingane starta, har avstanden til brekanten auka med over 300 meter.

Også høgare opp i fjellet endrar breen seg. Det same har Haugabreen i Jølster og Vetle Supphellebreen i Fjærland. Målingane viser at Haugabreen det siste året har smelta 15 meter og 35 meter sidan 2013.

Vetle Supphellebreen i Fjærland har derimot gått 16 meter fram det siste året. Bremuseet meiner store snømengder kan vera ein del av forklaringa. Sidan museet starta med målingane av breen for fem år sidan, har han til saman gått to meter fram. (©NPK)

isbre3
Bileta viser korleis Bøyabreen i Fjærland har forandra seg frå 1997 til 2016. Foto: Stefan Winkler og Pål Gran Kielland / Norsk bremuseum