Så mange søte dyr drep kattar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny studie frå Smithsonian Conservation Biology Institute viser at huskattar tar livet av milliardar av fuglar i USA kvart år. For ikkje å snakka om endå fleire små pattedyr som mus og jordekorn. Dette melder Nature.com.

Ifølgje forskinga drep huskattar på vift mellom 1,4 og 3,7 milliardar fuglar i året. Og mellom 6,9 og 20,7 milliardar små pattedyr må bøta med livet i møte med dei skarpe katteklørne. Sjølv om det er vanskeleg å vita kor mange fuglar det finst, kan kattane stå bak så mykje som 15 prosent av alle fugledødsfall, ifølgje forskarane.

LES OGSÅ: Elgtragedie i Skjåk

Forskarane meiner at det er kattar utan eigar som drep flest fuglar og smådyr. Dei meiner det er behov for betre vern av fuglane og smådyra, og etterlyser ein politikk som reduserer talet på drepne dyr og fuglar.

LES OGSÅ: Nazibjørnar plagar den tyske landsbygda