Veit du kva røyndomsutvinning og lineær-TV er?

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den digitale kvardagen endrar jobbane våre, språket vårt og korleis vi finn kjærestar. Dei nye utrykka for å beskrive daglegdagse aktivitetar er sjeldan enkle, og som oftast ikkje norske. Her er Framtida.no si ordliste for 2016:

A/B-testing – ei samanlikning av to nesten identiske websider ved å analysere kva for alternativ som brukarane føretrekk (klikk eller lesetid). Nytta av nettaviser for å samtidig teste ulike overskrifter eller bilete på tilfeldige besøkande til nettsida. Den av dei to alternativa som blir mest lest eller klikka på i ein gitt periode vinn, og blir den endelege websida.

Algoritme – ein prosess eller sett med reglar for utrekningar eller problemløysing, oftast utført av ei datamaskin. Kokebøker og monteringsrettleiarar frå IKEA er praktiske døme som liknar algoritmar. Forskjellen er at datamaskinene må ha utvetydige kommandoar, medan vi menneske fint kan avgjere om det skal vere 1 eller 2 teskeier salt i gryta.

Alternativ røyndom (AR, augmented reality) – brukt om teknologi som legg digital informasjon oppå den verkelege verda. Til dømes er figurane frå Pokemón Go plassert ut i den verkelege verda, men kun «synlege» gjennom mobiltelefonen. Ved å sjå på verda gjennom handheldt teknologi eller briller med skjerm, kan AR tilføre ekstra informasjon om omgivnadene.


Pokemon Go, skjermdump frå Youtube

Big data – enorme mengder data som vert nytta for å analysere innhaldet for å oppdage trendar og assosiasjonar. Eit aktuelt eksempel er IBM si maskin Watson, som skal analysere helsedata om millionar av pasientar for å hjelpe til å finne rett diagnose og ny behandling. Denne oppgåva er alt for stor for menneske, og berre ved å ta inn svært store datamengdar, er det mogleg å få svar som kan vere nyttige for enkeltpersonar.

Drone – eit fjernstyrt fly eller missil utan førar. Droner brukt til å levera post, spela inn film og til å utføra bombeangrep i krig.


Foto: Jason Blackeye/Unsplash

Datautvinning (Data mining) – å undersøke store datasett for å finne ny informasjon. Sjå også Big data og Røyndomsutvinning

Hurtigprototyping mange ulike teknikkar for å kjapt lage ein modell for eit produkt eller ei teneste, anten ved hjelp av 3D-printing eller digital teknologi. Mogleggjer enkel testing av ny design og idear.

Internet of things – At kvardagslege ting blir kopla til internett, til dømes at du kan skru av og på lyset med ein app på mobilen, at kjøleskapet har ein trykkskjerm med internett… eller at brødristaren er kopla til Twitter:


Kunstig intelligens (AI, artificial intelligence) – Datasystem og maskinar som etterliknar intelligent åtferd og til dømes «lærer», «tenker» og «tek val». Ein maskin som kan kjenne att røyster, spela sjakk eller komponera popmusikk viser trekk av kunstig intelligens.

Kunstige moralske aktørar – datasystem eller robotar som som har evne til å å utføre handlingar som systemet «veit» at er rett eller gale.

David Prince of the USA

Kyborg – ein person eller karakter som har eigenskapar som går utover dei normale menneskelege avgrensingane grunna mekaniske element bygd inn i kroppen. Personar som nyttar proteser for å delta i Paralympics, vert av nokre omtala som kyborgar. Andre vel å implantere microchips under huda, og utvidar funksjonane til kroppen sin.  

Lineær-TV – det nye ordet for den gamle måten å sjå TV på, altså å sjå eit program på TV når det faktisk vert sendt.

Maskinlæring ein type kunstig intelligens som gir maskiner moglegheit til å lære utan å bli fortalt det ein skal lære. Utvikling av dataprogram som kan trene seg sjølv til å lære når dei vert møtt med nye data. Robotar som speler komplekse dataspel ved prøving og feiling er døme på maskinlæring.

Maskinetikk/maskinmoral – omhandlar etikken til maskinene, og korleis ein skal lære maskiner moralsk oppførsel. Sjå også Robotetikk

Mobillæring – læring som skjer gjennom ulike digitale medier, samt sosiale medier og bruken av desse, oftast gjennom elektroniske hjelpemiddel (mobil og nettbrett).

Open access – ideen om at alle data og forskingsresultat skal vere open tilgjengeleg for alle.  

Røyndomsutvinning (Reality mining) – dataprogram som samlar informasjon frå digitale spor etter menneske, slik som bruk av mobiltelefon, GPS og offentleg transport. Målet er å identifisere mønster som kan føreseie handlingane til andre menneske. Trendar i Google-søk etter symptom på influensa var til dømes nytta for å hjelpe med å førebu influensaepidemiar.

Robot – ei maskin som har evne til å gjennomføre ein kompleks serie med automatiserte handlingar. Kan programmerast ved hjelp av ei datamaskin.

WALL-E
Foto: Joe Chavez / Flickr / CC

Robotetikk – omhandlar menneska som designar, lagar, nyttar og interagerer med robotar. Spørsmål av typen: korleis skal vi oppføre oss mot robotar, og korleis skal vi lage robotar som ikkje er ein fare for folk?

Robotlover – Tre lover som skal sikre både menneske og maskiner: 1. Ein robot kan ikkje skade eit menneske, heller ikkje ved å late vere å gjere noko. 2. Ein robot må adlyde ordane den får frå menneske, med mindre dei er i konflikt med den første lova. 3. Ein robot må sikre sin eigen eksistens, så lenge det ikkje er i konflikt med den første eller andre lova.

Transhumanisme – trua på eller teorien om at menneske som rase kan utvikle seg utover dei noverande biologiske og mentale avgrensingane, særleg ved hjelp av vitskap og teknologi. Sjå også Kyborg.

Turing-testen – ein intelligenstest for ei datamaskin, der ein samanliknar svaret frå ei datamaskin med svaret frå eit menneske på det same spørsmålet. Dersom ein menneskeleg brukar ikkje klarer å skilje mellom kva svar som kjem frå mennesket og kva som kjem frå maskina, har maskina bestått testen.

Velferdsteknologi – teknologi som skal gjere kvardagane enklare for folk flest, inkludert sensorar og anna teknologi for hus og heim, liv og helse. Ofte brukt om teknologi for eldre, men også relevant for «smarthus» og «internet of things»

Virtuell røyndom (VR, virtual reality) – ei datasimulering av eit tredimensjonalt objekt eller rom som ein kan oppleve som «ekte». Ofte kan ein brukar interagere med det digitale rommet gjennom hanskar eller handtak med sensorar, samt bruk av briller eller ein hjelm med skjerm. Eksempelet under viser kva som skjer når ein ikkje er førebudd på at VR engasjerer:

Les også rapport frå Cutting Edge-festivalen i Oslo: Besøk frå framtida

Faktaboks

Denne artikkelen er ein del av ei satsing på ny teknologi og etikk, støtta av Fritt Ord. I ein serie med artiklar vil vi gi innsikt og skape diskusjon om korleis teknologiske framsteg utfordrar førestillingane våre om kven vi er og flyttar grensene for kva vi kan og bør gjere. På knaggen tenkologi finn du alle artiklane i satsinga.

Sjå også vår skrivekonkurranse om livet på nett.