Unge kvinner får vaksine mot kreft

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får vaksine mot kreft

Først publisert i Vikebladet.

Helsestasjonane i Hareid og Ulstein har no fylt opp kjøleskåpet sitt med denne rosa vaksinen dei tilbyr til alle kvinner som er fødde i 1991 og seinare.

Frå måndag 7. november startar dei opp. På Hareid helsestasjon blir det vaksinering ein måndag i månaden på helsestasjonen for ungdom. Ann Elin Skeide seier at dei ønskjer timebestilling, så dei passar på å ha to helsesøstrer på vakt dei dagane.

Ulstein helsestasjon vil ikkje ha timebestilling. Dei har i første omgang sett opp ettermiddagane måndag 7. november og torsdag 10. november.

– I tillegg kan folk avtale med oss om dei vil vaksinere seg, seier Astrid Tønnesen.

Kan redde liv
Vaksinen er mot humant papillomavirus (HPV-vaksine). Vaksinen er tilrådd for unge kvinner for han førebyggjer livmorhalskreft og forstadiet til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft.

Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65–100 døyr av sjukdomen.

Vaksinen kan gje vern sjølv om ein har debutert seksuelt.

Tilbod i to år
Jenter fødde i 1997 eller seinare har fått tilbod om HPV-vaksinen gjennom barnevaksinasjonsprogrammet. Tønnesen og Skeide er glade for at fleire unge kvinner no får dette tilbodet. Første tida etter det vart innført var det fleire foreldre som takka nei til denne vaksinen. – Men no er jentene gamle nok til å bestemme sjølve, seier Skeide. Frå 16 år bestemmer barnet sjølv om dei skal få vaksine.

Tilbodet om HPV-vaksine til unge kvinner er mellombels og vil vare i ein toårsperiode. Vaksinasjonen inneheld 3 vaksinedosar gitt i løpet av 6–12 månader, og må difor startast opp innan utgangen av 2018.

– Denne vaksinen verkar mot det mest vanlege viruset. Men der finst fleire sortar, så det er uansett viktig å ta celleprøve av livmorhalsen, legg dei til.