Nedtur for Torkjell (20) – fekk sveinebrevet på bokmål

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nedtur å få det på bokmål

Då Torkjell Rønneberg tok sveineprøva tidlegare i haust, fekk han toppkarakter på sveineprøva. Den stolte tømraren gledde seg til å hengja opp diplomet på veggen. Då han nyleg fekk diplomet, blei han skuffa. Det var nemleg på bokmål.

– Det var ein jækla nedtur, fortel Torkjell til Framtida.no.

Han er oppvaksen i Eidsdalen i Norddal kommune, og har alltid brukt nynorsk.

– Det er nynorsk eg synest er skikkeleg norsk, seier tømraren som til dagleg jobbar ved Strømsheim Bygg i Ålesund.

– Heilt på trynet
Torkjell Rønneberg ringde sentralbordet til fylkeskommunen og blei sett over til utdanningsavdelinga. Der fekk han beskjed om at det ikkje gjekk an å få sveinebrevet på nynorsk.

– Det synest eg er heilt på trynet og veldig, veldig dårleg, seier han til Framtida.no.

– Dei sa dei hadde fagbrev på nynorsk, men ikkje sveinebrev, noko eg synest er veldig rart. Det kan ikkje vera slik, held han fram.

LES OGSÅ: Fekk bota på nynorsk – endeleg!

Sensorane Olav Sindre Pilskog (t.v.) og Johan Bjarne Solevåg gav Torkjell Rønneberg toppkarakter tidlegare i haust. Foto: privat

– Må berre beklaga
Fylkesutdanningssjef Erik Brekken seier han må sjekka opp saka når Framtida.no ringer.

I mellomtida blir me tipsa om at sveinebrev på nynorsk finst i nabofylket i sør, i Sogn og Fjordane.

Éin dag etter har Brekken funne svaret: Det har vore ein glipp.

– Det er veldig leit at dette har skjedd. Ifølgje seksjonsleiaren som har ansvaret, så har dei system for å skriva ut sveinebrev på nynorsk.

– Men korleis kunne Rønneberg få beskjed om noko anna?

– Her må me berre beklaga, og skjerpa inn rutinane våre, seier fylkesutdanningssjefen.

Han oppmodar Rønneberg til å ta kontakt, så skal sveinebrevet koma på nynorsk.

– Han kan berre ringja meg direkte.

Torkjell Rønneberg lovar å ringa.

– Det er flott dei likevel har sveinebrev på nynorsk – noko anna ville vore veldig rart, seier han.

LES OGSÅ: Nynorsk er faktisk det beste valet på alle måtar