Marit Haugan Hove er trainee hos Vestlandsforsking, og arbeider med teknologi for unge og gamle i Sogn og Fjordane.

mm

– Hos Vestlandsforsking arbeider eg med fleire prosjekt i kommunane i Sogn og Fjordane. Prosjekta inkluderer testar av ulike typar velferdsteknologi, samt at vi undersøker korleis kommunane bør informere innbyggarane sine om tilboda som finst, seier Marit Haugan Hove (27).

Ho har master i produktutvikling og produksjon frå NTNU, og ho er ein av to traineear som er tilsette hos Vestlandsforsking i Sogndal.

Kven har bruk for teknologien?
I masteroppgåva ved NTNU utvikla Marit ein sykkel for born med funksjonshemming i overkroppen. Saman med gründerande i selskapet Skeno fekk ho god trening i å vurdere syklistane sine behov, og finne gode løysingar for ei bestemt brukargruppe.

– Eg får brukt utdanninga mi i traineestillinga hos Vestlandsforsking, fortel ho.

Marit er ikkje einig i at velferdsteknologi berre er for gamle folk.

– Sluttbrukarane av velferdsteknologi er mange fleire enn ein skrøpeleg 80-åring. Til dømes kan teknologiske hjelpemiddel gjere at unge menneske som tidlegare vart plassert på ein institusjon, no kan få moglegheit til bu åleine i sin eigen heim, fortel ho.

HØYR: Verdas første poplåt komponert av kunstig intelligens

Smarthus er velferdsteknologi
Heime hos Marit og ektemannen, som også er ingeniør, er det eit breitt utval teknologiske nyvinningar.

– Eg flyr papirlaust, har ein heildigital kalender, snakkar til nettlesaren på mobilen min, har elektronisk dørlås, og vi har nok eit par fleire radiostyrte bilar enn dei fleste andre par, fortel ho.  

Mykje av det som no er teknologisk allemannseige, vart testa og utvikla som ein del av industrien rundt velferdsteknologi, fortel Marit.

– Eit smarthus er eigentleg eit hus fullt av teknologi som brukarar av velferdsteknologi har testa ut i fleire år. Sensorar for lys, temperatur og komfyr blir i framtida ein integrert del av liva våre. Robotar som støvsugar og klipper plenen er både nyttig for ein 70-åring og ein 20-åring. Og både 20- og 70-åringar gløymer kasserollar på komfyren.

Yrke basert på interesser
Traineestillinga er Marit sin fyrste «skikkelege» jobb, og ho pendlar mellom Trondheim og Sogndal.

– Eg ville jobbe med teknologi og helse, og det er viktig for meg at der er faktiske personar som er brukarane av det vi sivilingeniørar lagar og forskar på, fortel Marit.

Ann Karin Sandal (biletet) ved Høgskulen i Sogn og Fjordane fortel at fritidsinteresser ofte er styrande for val av yrkesutdanning i vidaregåande skule og i kva jobbar unge ser fram mot.

– Elevane eg snakka med i forskingsprosjektet mitt fortalde at det ofte var interessene dei hadde på fritida som var motivasjonen for yrkesutdanninga dei valgte, og ikkje inspirasjon frå undervisninga i skulen, seier ho.

Dagens ungdom er stadig meir digitale, og i dei fleste yrker vert det også eit auka krav til digital kompetanse.

– Vi utdannar unge for livslang læring. Målet er at elevane skal verte gode til å lære nye ting, slik at dei kan tilpasse seg dei utfordringane som kjem. Men vi har ein veg å gå innan digital kompentanse, seier Ann Karin.

Virtuell røyndom
– Vi som er unge er vant til teknologien rundt oss, så eg trur det vert enklare for oss å forstå og ta i bruk ny teknologi fordi vi allereie har velferdsteknologiske hjelpemiddel integrert i kvardagane våre, seier Marit.

I tillegg til sensorar som hjelper med kvardagsliv i heimen, har ho også andre idear til teknologiar som kan vere spennande i framtida.

– Kanskje kan vi ta i bruk nye verktøy som hjelper folk til å oppdage nærområdet sitt, eller med å finne vegen heim. Ved å kombinere det som skjer innan virtuell røyndom (virutal reality, VR) og alternativ røyndom (augmented reality, AR) kan ein til dømes gjere turen til og frå butikken mykje meir spennande, avsluttar Marit.

LES OGSÅ: Roboten Zeno kan bli læraren til autistiske barn

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

Kommentarar

ANNONSE