Ungdomspartiet vil fjerna karakteren i orden og åtferd.

mm

«Straff og anmerkninger er ei lettvint løysing på ungdom som utagerer, men verknaden er diskutabel. Ein må heller fokusera på miljøarbeid rundt ungdom for å hindra utagering, og heller jobba for å forbetra situasjonen for eleven.»

Det heiter det i vedtaket på landsmøtet til Unge Venstre i helga.

Nyleg attvald 1. nestleiar Grunde Almeland, er strålande nøgd med vedtaket.

– Me ønskjer å hjelpa elevane med auka innsats frå helsesøstrer og psykologar. Me ønskjer òg meir praksis og valfridom i skulen. Me ønskjer at elevane skal kunne velja det som dei synest er motiverande. Det viktigaste er den mellommenneskelege kontakten. Difor treng me meir tillit til lærarane, for å få til den kontakten.

LES OGSÅ: Unge Venstre vil halda på eigen karakter i sidemål

Elevorganisasjonen: – Må grunngjevast
Elevorganisasjonen er samde med Unge Venstre i at karakterane i orden og åtferd ikkje gir eit heilskapleg bilde av eleven.

– Desse karakterane er likevel ikkje tal, dei er bokstavar. Elevorganisasjonen meiner difor at praksisen må gjerast tydelegare, og at det skal vera skriftlege grunngjevingar som følgjer med desse karakterane dersom karakteren blir sett ned, seier Sylvia Lind (bildet), leiar i Elevorganisasjonen.

LES OGSÅ: Mastergrad sikrar ikkje jobb – no må du også ha gode karakterar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

ANNONSE