Kjempar for eit sjølvstendig land – innanfor EU

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Viss du møter ein nasjonalist i Noreg, er sjansane gode for at han eller ho er motstandar av innvandring, fleirkultur og internasjonalisering. Mange stader i Europa og i verda elles finn du at slike nasjonalistar er på frammarsj.

Reiser du derimot til Skottland, kan du møta ein annan slags nasjonalistar – nasjonalistar som til dømes Scott Blair. Han ivrar både for at Skottland skal ta imot fleire flyktningar og at dei skal bli verande i EU. Han vil berre det beste for landet sitt – og det, meiner han, inkluderer å gjera Skottland til eit sjølvstendig land.

Frå horror til komedie
– Nasjonalismen finst i mange ulike former rundt i Europa. Eg er filmstudent, og eg ser på det som film: det finst mange ulike sjangrar, frå horror til komedie, seier Scott.

Han er medlem i Scottish National Party (SNP) og kommunikasjonsansvarleg i studentorganisasjonen til partiet. I tillegg er han standupkomikar, og studerer film på andre året ved Queen Margaret University i utkanten av Edinburgh.

På kafeen i Det skotske parlamentet i Edinburgh set den godlynte 20-åringen kaffien i vrangstrupen så snart me nemner Brexit, vedtaket om å trekkja Storbritannia ut av EU.

– Ikkje få meg til å begynna, seier han.

Me kjem raskt tilbake til EU og Brexit. Men først må me litt djupare ned i dette med nasjonalismen. Me spør rett ut:

– Er du nasjonalist?

– Ja, det er eg, seier Scott, som fortel at han er van med å møta folk som har negative assosiasjonar til omgrepet. Då må han forklara kva han legg i det.

Inkluderande nasjonalisme
– Borgarleg nasjonalisme («civic nationalism») er noko heilt anna enn etnisk nasjonalisme – nasjonalisme berre for éin etnisitet. Borgarleg nasjonalisme handlar om å vera borgar, og å villa det beste for alle borgarar i landet, seier Scott.

Ifølgje Stanford Encyclopedia of Philosophy viser omgrepet nasjonalisme til to ting: haldninga som medlemene av ein nasjon har når dei bryr seg om sin eigen nasjonale identitet, og handlingane som medlemene av ein nasjon gjer for å få eller behalda sjølvråderett.

Men kva er eigentleg ein nasjon? Her finst det ulike syn: Somme legg vekt på felles etnisitet, opphav eller kultur; andre på fellesskapet mellom borgarar innanfor eit gitt område.

Som nasjonalismeforskar Eirik Magnus Fuglestad seier i ein fersk kronikk i Stavanger Aftenblad: «Det er feil at nasjonalismen er ei xenofobisk (framandfiendtleg, journ.anm.), ekskluderande og konservativ kraft. Den kan vera det, men treng det ikkje.»

Dei skotske nasjonalistane er eit døme på det motsette. Dei vil altså det beste for skotske borgarar, uansett kva opphav dei måtte ha – og dét, meiner dei, er at Skottland skal bli eit sjølvstendig land, fritt frå unionen som har gjort landet til ein del av Storbritannia sidan 1707.

Parl1
Det skotske parlamentet opna i 1998, nesten 300 år etter at det opphavelege parlamentet oppheva seg sjølv og gjekk inn i Storbritannia. I 2004 flytta parlamentet inn i det nye praktbygget på Holyrood i Edinburgh.

Vil bli i EU
Unionen med Europa ser dei på den andre sida ikkje som ein trugsel mot skotsk sjølvstende – tvert imot. SNP kjempar for at Skottland og Storbritannia skal bli i EU, og eit stort fleirtal av skottane røysta «remain» i folkerøystinga om EU-medlemskap i juni 2016.

– EU er ein mykje meir rettferdig union. I EU er me meir partnarar, ikkje låste saman som i Storbritannia, seier Scott, og peikar på maktforholda i det britiske parlamentet: Dei engelske representantane er i fleirtal og kan vedta lover sjølv om alle skottane, walisarane og nord-irane røystar imot.

Scott viser også til at så lenge Skottland er ein del av Storbritannia, er dei representert av britiske politikarar i EU og saknar ei sjølvstendig røyst. Dette er særleg viktig for skottane i saker der dei har særskilte interesser, som fiskeri.

– Skottland vil tapa mykje
Tradisjonelt er skottane meir venstreorienterte enn naboane i sør, og liknar politisk sett meir på dei sosialdemokratiske nordiske landa. Det som mange konservative i England oppfattar som plagsame inngrep frå Brussel, ser skottane heller som viktige framsteg som no er truga etter Brexit.

– Mange seier at EU lagar for mange lover, men det er eigentleg for å gjera ting universelt: arbeidarrettar, forbrukarrettar innan mattryggleik og helse og så vidare, seier Scott.

– Eg trur Skottland vil tapa mykje, seier han, og forklarar at dei skotske styresmaktene har hatt eit nært og godt samarbeid med EU, til dømes når det gjeld infrastruktur.

Ikkje minst er han bekymra for at dei skotske universiteta vil koma dårleg ut om den frie flyten av studentar og forskarar stoppar opp.

– Mange av venene mine er europeiske studentar, og no er dei vitskremde. Dei vil bli her, jobba og betala skatt her, og gjera Skottland til heimen sin, men no er alt det sett på spel. Det er ei ganske skummel tid, politisk sett, seier Scott.

Skummelt meiner han også det er å sjå korleis den konservative regjeringa i London har reagert på flyktningkrisa med ein streng tone. Her har SNP-regjeringa i Skottland vore ei tydeleg røyst og tatt til orde for ein meir open og inkluderande politikk, fortel han.

– Den britiske regjeringa berre, «Nei, me vil ikkje at flyktningane skal koma hit,» og SNP berre «Oh, come on!» Me har moglegheiter her som me kan dela med andre.

Kintyre
Rundt omkring i Skottland finn du slike skilt, som skryt av at infrastruktur har blitt opprusta med støtte frå EU. Det britiske flagget er ingen stad å sjå. Her frå Campbeltown vest i landet.

Uavhengigheit – og meir
SNP har hatt ein eventyrleg suksess dei siste ti åra. Sidan 2007 har dei vore det klart største partiet i det skotske parlamentet, og styrt landet i regjering. Den makta har dei mellom anna brukt til å fjerna studieavgiftene for skotske studentar, fjerna kostnaden på medisin gitt på resept, og senka røysterettsalderen til 16 år.

I tillegg til suksessen i det skotske parlamentet, gjorde SNP nærast reint bord i det britiske valet våren 2015. Med fleirtal i heile 56 av dei 59 valdistrikta i Skottland blei dei det tredje største partiet i det britiske parlamentet med god margin.

Scott peikar på to ting som han meiner ligg bak suksessen til partiet. Det eine er at dei fremjar ei rekkje populære velferdsreformer.

– Folk seier ofte, «Å, SNP er berre uavhengigheit, uavhengigheit, uavhengigheit», men det er ikkje rett. SNP jobbar for gratis utdanning, gratis medisin, mot offentlege nedskjeringar, seier Scott.

Det andre er at SNP med si fanesak om uavhengigheit trekk til seg folk med ulik bakgrunn.

– Grunnen til at me har så god politikk er at me har folk som kjem frå heile spekteret: Nokon lener meir mot venstre, andre lener meir mot høgre. Kvar gong det er ein politisk diskusjon i SNP har du folk med ulike erfaringar og ulike meiningar som kjem med sine perspektiv. Det er ein fantastisk ting å vera del av, seier Scott, og understrekar nettopp kva som samlar partiet.

– Alle er samde om ein ting: At uavhengigheit er det beste for Skottland.

«Scott, eg er einig»
Dét målet har SNP enno ikkje nådd. Det målet har SNP enno ikkje lukkast i å nå. Med reint fleirtal i det skotske parlamentet etter valet i 2011, kunne partiet endeleg innfri lovnaden sin om å lysa ut ei folkerøysting. Men då skottane gjekk til valurnene i september 2014, sa fleirtalet på 55 prosent nei til eit sjølvstendig Skottland.

Scott peikar på fleire grunnar til at det gjekk som det gjekk. For det første tala ikkje ja-sida med éi røyst i viktige spørsmål, som kva valuta den sjølvstendige staten skulle ha.

– Nokon sa me kunne halda fram med pundet, nokon sa me kunne bruka euroen, andre at me kunne laga ein eigen skotsk valuta, seier Scott, som meiner usemja gjorde veljarane usikre og gav nei-sida sterkare kort i valkampen.

For det andre viser han til at dei etablerte britiske partia gjekk saman i eit siste, desperat forsøk på å snu valvinden mot eit nei til uavhengigheit etter at ei meiningsmåling viste ja-fleirtal berre få dagar før folkerøystinga.

Det lukkast, men då lovnadene om utvida skotsk sjølvstyre innanfor unionen skulle omsetjast til røyndom, var det likevel lite att av dei fagre orda frå valkampen, ifølgje Scott. Mange var skuffa, og skuffelsen blei berre større då britane året etter røysta for å forlata EU.

– Me blei lova at me ville få bli i EU om me blei verande i unionen, og at me måtte forlata EU om me røysta ja til uavhengigheit. Det var feil, og no forlèt me EU likevel, seier Scott, og ristar oppgitt på hovudet.

– Eg har vener som kjem bort til meg og seier «Scott, eg er einig med deg no».

Parl2
Det skotske parlamentet styrer over mellom anna over utdanning, helse og kultur, medan til dømes utanrikspolitikken og rammene for den økonomiske politikken blir styrt av det britiske parlamentet.

Håper på ein reddande engel
Då britane røysta for Brexit i juni var SNP-leiar og førsteminister Nicola Sturgeon raskt ute og kalla det demokratisk uakseptabelt at skottane skulle forlata EU mot si eiga vilje. Dermed var debatten om uavhengigheit i gang att for fullt.

Mange seier no at Storbritannia ikkje lenge er det same som då skottane røysta for å bli i unionen i 2014. Den skotske regjeringa har nyleg lagt fram lovforslag som opnar for ei ny folkerøysting om skotsk sjølvstende innan 2020 viss Storbritannia går ut av den indre marknaden i EU.

Guy Verhofstadt, ein viktig liberal politikar i Europaparlamentet som skal forhandla med Storbritannia om vilkåra for Brexit, har også forsikra om at det ikkje står noko i vegen for at eit sjølvstendig Skottland kan bli i EU viss dei vil det.

Likevel slit SNP med å få folket med seg. Meiningsmålingane viser framleis at fleirtalet av skottane vil bli i Storbritannia, og dei vil heller ikkje ha ei ny folkerøysting. Korleis kan det ha seg?

Statsvitar John Curtice, professor ved Universitetet i Strathclyde, har peikt på ein grunn. Medan ein del skottar har bytt standpunkt frå «nei» til «ja» til sjølvstende etter Brexit, har andre gått motsett veg. Dei skottane som eigentleg ønskjer sjølvstende, men også vil ut av EU, ser det no som sitt beste håp å likevel bli i Storbritannia.

Det kan synast som at dei skotske nasjonalistane enno ein tung veg å gå. Scott er optimistisk for at SNP før eller sidan vil vinna fram og at Skottland skal bli eit sjølvstendig land. For at landet no skal sleppa å gå ut av EU, ser han likevel overnaturlege makter som sitt beste håp.

– Eg håper framleis på eit slags mirakel, at ein engel vil koma og redda oss frå Brexit. Orsak, eg snakkar altfor mykje i metaforar, seier han lattermildt.