Færre enn 50 platebutikkar igjen i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er no snautt 50 platebutikkar igjen, det haldt seg lenge rundt 250-300 på 1990-talet og tidlig på 2000-talet, seier Håkon Gjesvik, dagleg leiar for Musikkoperatørene, Noregs største uavhengige distributør av musikk fysisk og digitalt.

– Talet på platebutikkar har gått jamnt og trutt nedover, men har stabilisert seg dei siste 1-2 åra. Vinylen er på veg opp, og står for ein stadig aukande andel av det fysiske salet, men fortsatt blir det selt fleire gongar så mange CD-ar som LP-ar, fortel han.

– Me er no meir optimistiske enn på fleire år med tanke på vidare fysisk sal. Dei som fortsatt føretrekk fysisk er ei spanande gruppe med spesielt musikkinteresserte menneske, pluss nokon eldre som ikkje ynskjer å gå over til digitalt, seier Gjesvik til Framtida.no.

KOMMENTAR: «Kvifor er det berre storbyar som skal ha platebutikkar?»

Ifølgje IFPI Norge utgjer inntektene frå streaming no heile 83 prosent av inntektene frå innspelt musikk for første halvår 2016, mot 80 prosent for same periode i fjor. Inntektene frå videostream inkludert YouTube utgjer no under 1,5 prosent av dei totale inntektene frå sal av innspelt musikk.

LES OGSÅ: Piratnedlasting gir dyre billettar