«Kvifor er det berre storbyar som får ha platebutikkar?»

Alt for mange har gløymt kor mykje betre det er å halde ein CD eller ei LP-plate i handa, enn å berre laste ned musikken.

Anette Fadnes Marcussen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg synest Stord treng ein platebutikk.

Det er fleire platebutikkar i Bergen og andre større byar, men eg er ganske sikker på at det er mange på Stord og andre mindre stader som saknar ein, spesielt dei vaksne, som vaks opp med at det var platebutikkar. I dag brukar folk flest å laste ned musikk, eller høyre på Spotify.

LES SAKA: Færre enn 50 platebutikkar igjen i Noreg

Sjølv meiner eg at det er mykje betre på mange måtar å kjøpe CD-ar eller LP-plater. For det første fordi artistane og banda tenar på nettopp det – at folk kjøper musikken deira.

Når folk brukar Spotify, er det veldig lite av pengane som går til dei, og enda verre, når folk lastar det ned, får dei ingenting. Den andre grunnen er at det er faktisk noko med det å halde for eksempel ein CD i handa, for då blir det liksom meir spesielt. Ofte står tekstane inni coveret, også fakta om artisten/bandet. Med andre ord: Du får mykje meir ut av det enn å høyre det over internett. Dessutan, for dei som er musikkinteresserte, er det mykje betre lyd.

Om det hadde kome ein platebutikk til for eksempel Borggata på Leirvik, hadde det blitt så mykje meir liv, for mange synest det er ganske dødt. Eg sjølv, og kanskje mange andre bestiller CD-ane mine på nett, for det er jo ikkje kvar dag eg er i Bergen. Men hadde det berre vore ein platebutikk i nærleiken, hadde eg kanskje ikkje trengt å bestille. Det er jo og mykje kjekkare å bla gjennom CD-ar og LP-plater i butikken, og for ein gong skyld vere litt sosial, i tillegg oppdage ny musikk, enn å høyre den same spelelista på repeat i fleire dagar, frå dårlege øyrepluggar som føljer med iPhonen din.

Sjølv likar eg rock, som for eksempel Metallica, Megadeth, Mötley Crüe og Guns N’ Roses. Eg og sannsynlegvis mange andre som har same musikksmak ville nok sett stor pris på ein platebutikk i nærleiken. Det som er populært no er pop, dubstep, og andre sjangrar i same gate, og dei som likar det held seg vanlegvis til topplistene på Spotify osv., men viss du verkeleg er interessert, og likar omtrent same musikk som meg, så ville du nok satt pris på ein platebutikk eller to.

Eg trur og at folk hadde blitt meir sosiale om det var ein platebutikk på Stord. Før pla det å vere vanleg å berre henge rundt omkring ved platebutikkar, sjå på plater, eller rett og slett berre vere der, og det er noko eg synest hadde vore veldig kjekt. Viss der er nok folk som engasjerer seg, trur eg at saman kan me klare å starte opp ein platebutikk på Stord.