– Ynskjer å vera eit godt eksempel i dårlege tider

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klar for sveise-NM

Saka var først publisert i Tysnesbladet.

23-årige Alf Sundal er regjerande nordisk meister, og kom i fjor på tiandeplass i sveisekonkurransen under fjorårets Yrkes-VM i Brasil.

– Ambisjonen for NM er å vinna. I tillegg ynskjer eg å vera eit godt eksempel i dårlege tider og visa kva norsk industri står for, seier Sundal, i eit intervju som vart publisert på Kværner sitt intranett.

Tysnesingen skal ha brukt friperiodar og helger den siste tida til å finpussa formen.

LES OGSÅ: I denne klassen står ti av tolv utan læreplass

Sundal er ein av fire Kværner-tilsette som skal vera med på meisterskapen. To av dei tre andre Kværner-sveisarane kjem frå Verdal-verftet, medan den siste kjem frå Stord-verftet, i likskap med Sundal. Frå Verdal kjem Jon Arne Hjelmstadbakk og Robert Nessemo Sandnes, medan Oskar Hallaråker Bø er den andre deltakaren frå Stord.

– Det langsiktige målet er at også Oskar skal markera seg i nasjonale og internasjonale konkurransar, slik Alf har gjort. Det trur eg han har potensiale til, seier trenar og sveise-ekspert Leif Ottar Heimro i opplæringsavdelinga på Stord.

Det er han som vel ut og trener dei frå Stord som skal vera med på NM.

I intervjuet fortel han at dei i jakta på dei rette kandidatane ser på sveiseteknisk nivå, men også personlegdom for kven som passar i konkurransesamanheng.

LES OGSÅ: Slik påverkar fråvær sjansen for læreplass

– Potensiale, innsats og personlegdom er veldig viktig, seier Heimro.

– Konkurransar i sveising er viktig for sveisefaget, både med omsyn til motivasjon blant både deltakarar og kollegaer, i rekrutteringssamanheng, og ikkje minst er det eit kvalitetsstempel for verksemdene som deltek med sine lærlingar eller unge fagarbeidarar, seier Tove Strand Trana, kommunikasjonssjef og opplæringsleiar ved Kværner i Verdal.

Sveisemeisterskapen er ein del av Yrkes-NM, der bortimot 250 deltakarar konkurrerer i 25 ulike yrkesfag. Meisterskapen går av stabelen i Vestlandshallen i Åsane 17.-20. oktober. Arrangør er World Skills Norway, med Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Yrkeslabyrinten (opplæringskontora i Hordaland), LO og NHO som samarbeidspartnarar.

Les meir om yrkesfag!