Kan ei fluge føle?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bevisstheita vår, opplevinga vi har av omverda og oss sjølve, er i hovudsak eit resultat av biologiske prosessar i hjernen. Sidan menneskehjernen er eit produkt av evolusjon, betyr dette at bevisstheita vår også må vere det.

Vidare betyr dette at dyra som er nært i slekt med oss sjølve, og som har hjernar som liknar vår eigen, truleg også er bevisste. Kanskje ikkje heilt på same måte som oss, men det skal godt gjerast å argumentere for at dei ikkje har noko oppleving av liva sine.

Men, dei aller fleste dyr har hjernar som er svært ulike vår eigen. Om du opnar hovudet på ei fluge, finn du ei bitte lita hjerne, men det er ingen delar av flugehjernen som liknar dei delane du finn hjå oss. Det har difor ikkje vore råd å seie noko om fluger har det som må til for å kunne føle.

Vi har til no ikkje hatt nokon vitskapleg tilnærmingsmåte for å kunne seie noko følelsane til ei fluge, men det er i ferd med å endre seg.

Eit subjektivt perspektiv
Biologen Andrew Barron og filosofen Colin Klein har nyleg konstruert eit teoretisk rammeverk som kan nyttast til å svare på denne typen spørsmål. Dei startar med å spørje om kva som må til for at eit dyr skal kunne oppleve noko som helst.

Barron og Klein hevdar at som eit absolutt minimum må bevisste dyr ha romsans. Med romsans meiner dei ikkje evna til å kunne navigere, men ein integrasjon av eksterne sanseinntrykk og eiga rørsle. Ein slik integrasjon gir hjernen til dyret høve til, reint informatisk, å aktivt konstruere ein modell av omverda og korleis dyret flyttar seg i den.

Dyret får då eit subjektivt perspektiv. Barron og Klein seier ikkje at ein slik romsans er det same som bevisstheit, men at utan eit slikt subjektiv perspektiv er det ikkje råd å oppleve omverda. Dyr utan denne evna kan ikkje oppleve noko som helst, og er difor ikkje bevisste.

Grunnleggande i hjernen
Det viser seg at romsansen hjå menneske styrast av relativt basale område i hjernen, område som finst i alle virveldyr.

Det som verkeleg gjer arbeidet til Barron og Klein unikt, er at dei viser at i hjernane til insekt finn vi også nevroanatomiske strukturar som er i stand til å gi insekta ein slik romsans. Dette opnar for at insekt kan ha subjektive opplevingar. Med andre ord, om romsans-hypotesen deira er rett, kan dette bety at insekt, slik som fluger og sommarfuglar, også er bevisste. 

Fluge2EirikSovik

Kva dyr har romsans?
Romsans-hypotesen gjer at vi kan studere hjernane til ulike dyr og dyregrupper og undersøke, ifrå eit funksjonelt perspektiv, om dei har det som må til for å inneha bevisstheit.

Særs enkle dyr, som svampedyr, har ikkje nervar, og kan ikkje vere bevisste. Det kan heller ikkje dyr som har nervar, men som ikkje har sentral nervesystem, slik som manetar.

Foto: Eirik Søvik.

Utanom virveldyr finn vi berre avanserte hjernar hjå tre dyregrupper: leddyr, blautdyr, og havbørsteormar. Barron og Klein har argumentert godt for at hjernen til dei aller fleste leddyr har det som skal til for ein ordentlig romsans. Om dei to andre gruppene har det som skal til, er foreløpig uklart.

Vegen vidare
Med dette har Barron og Klein opna døra til at vi kan studere bevisstheit hjå dyr på ein ny og konkret måte. Vegen vidare er klar, vi må finne ut meir om av kva hjernestrukturar som må til for ei subjektiv oppleving og kvar i naturen vi finn desse.

No kan vi starte å nøste opp i spørsmålet om kva bevisstheit eigentleg er, og finne ut kva dyr som har denne evna. Om fluger (og andre insekt) kan føle, bør det bety noko for korleis vi lever liva våre? Det skadar neppe om vi tek litt omsyn til desse skapningane også. 

LES MEIR FORSKING OG DEBATT: 
Fem dyr som kan redde verda

Planter kan «høyra» at dei blir spist

Klimaforsking utan påverknad på budsjettet