Då Jon Fosse las Kafka som ung, endra det synet hans på verda

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 28.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Endra synet mitt på verda

Torsdag kjem den første i rekkja av fleire verdsklassikarar på nynorsk utgjeve av SKALD forlag. Den verdskjende dramatikaren Jon Fosse har jobba lenge for dette prosjektet, og har omsett første boka: Forvandlinga og andre forteljingar av Franz Kafka.

Fosse har eit heilt spesielt forhold til Franz Kafka.

– Han er kanskje den viktigaste av alle dei moderne forfattarane, om eg med det meiner dei forfattarane som skreiv på 1900-talet og fornya litteraturen avgjerande. Han er ein av dei forfattarane eg las i ungdomen, og som eg har halde fram med å lesa. Hans univers er heilt eige, styrt som det er av krefter menneska ikkje skjønar seg på i si hjelpeløyse.

– Kva oppleving fekk du då du las Kafka første gongen?

– Ei heilt unik verd som gjorde at eg opplevde mi eiga verd, det eg sjølv røynde, på ein annan måte. Det er slik med all god litteratur, all god kunst: Du ser verda litt annleis etter at du har lese boka, sett biletet. Du er med andre ord vorte litt klokare. Eit jonsokbål er annleis etter at du har sett det måla av Astrup, for å seia det slik.

– Kva er det Kafka kan læra oss som menneske i dag?

– At verda ikkje er så enkel og grei som ein ofte vil at ho skal vera, og innbiller seg at ho er.

– Kvifor bør ungdom og vaksne lesa Kafka i dag?

– Eg meiner at det høyrer med til ålmenndanninga å ikkje berre kjenna til og ha lese i alle fall noko av dei viktigaste norske diktarane, men òg ha kjennskap til dei viktigaste frå verdslitteraturen. Det seier seg sjølv at ein ikkje rekk over så mykje i ungdomen, men det ein då ikkje får med seg kan ein lesa seinare. Og ein stuttare tekst av Kafka burde vera overkomeleg for alle, i alle aldrar!

Målreisingsarbeid
Jon Fosse (bildet) meiner det er sjølvsagt at både unge og vaksne over heile landet får lesa den beste verdslitteraturen.

– Verdslitteraturen tilhøyrer landsens folk i Noreg like mykje som den tilhøyrer alle andre i verda. Dei fyrste målreisarane gjorde mykje for å få dei gamle store klassiske verka, som Bibelen, Homer, greske tragediar og Shakespeare, ja til og med Dante, omsett til nynorsk. Men så stogga det opp før ein kom til den moderne litteraturen, seier Fosse.

Med Kafka-omsetjinga skriv han seg inn i tradisjonen etter mellom andre Arne Garborg, som omsette Odysseen av Homer til landsmål under tittelen Odyssevskvædet for snart 100 år sidan. Fosse meiner det er både merkeleg og skadeleg at omsetjingsarbeidet seinare har stoppa opp.

– Nynorsken har godt av å få alle dei impulsar dei utanlandske klassikarane kan gje språket. Og det same har sjølvsagt alle lesarar, som til no har mått lesa all den klassiske moderne litteraturen på bokmål.

– Kvifor skal verdslitteraturen finnast på færøysk, islandsk, dansk, svensk og på bokmål, men ikkje på nynorsk?  Spørsmålet er eigentleg kvifor det er viktig å ha nynorsk, for meg gjev det svaret seg sjølv.

– Korleis var det å omsetja Kafka til nynorsk?

– Eg synest det gjekk rimeleg greitt. Det er passasjar som er vanskelege å tyda, men det finst – sjølvsagt – ei lang rekkje omsetjingar til bokmål, svensk og dansk som eg hadde nytte av i arbeidet. Ålment synest eg det er greiare å setja om frå tysk og svensk enn frå engelsk og dansk, som er dei språka eg er frimodig nok til å setja om ifrå.

– Kva plass bør verdslitteraturen ha i skulen?

– Både dei norske klassikarane, og dei viktigaste klassikarane frå verdslitteraturen, bør det vera innlysande at dei som veks opp får kjennskap til. Det seier seg sjølv at kjennskapen må verta overflatisk, men det er all verdsens skilnad på litt og ingenting.

Torsdag 6. oktober klokka 12 les Jon Fosse dei første sidene av boka, direkte på Framtida.no.

Forfattaren seier sjølv at han takkar nei til nesten alle invitasjonar han får, anten det gjeld å lesa opp, halda føredrag eller å sjå nye produksjonar av stykke. Denne gongen gjer han eit unntak.

– Det får gå som det må! seier han om dét.

LES OGSÅ: Harselerer med Jon Fosse, laksenæringa og norsk utanrikspolitikk

► Torsdag 6. oktober strøymer Framtida.no Jon Fosse som les frå Forvandlinga live klokka 12.
► Fosse har for fyrste gong omsett Franz Kafka sin klassikar til nynorsk på forlaget Skald. Opplesinga er Fosse si fyrste på mange år.
► Livesendinga på Facebook fortset frå Stord og deretter frå Jostedalen, med lesing frå resten av forteljinga.
► I samband med dette ynskjer me å setja fokus på korleis klassikarane er aktuelle i dag.

LES OGSÅ: Les Kafka på nynorsk – minutt for minutt

Faktaboks

Franz Kafka var ein tyskspråkleg forfattar. Det mest kjende verket hans er romanen Der Process (Prosessen). Romanen skildrar ein person som er utsett for uklåre skuldingar av eit ugjennomtrengeleg rettssystem. Av dette kjem nemninga Kafka-prosess.

Kafka vart fødd i 1883 i ein tyskspråkleg jødisk familie i Praha. Han tok eksamen i jus i 1906, og arbeidde deretter for eit forsikringsselskap. Samstundes skreiv han på fritida. I 1917 vart han ramma av tuberkulose.

Kafka sitt tilhøve til den dominerande far sin var eit viktig tema i arbeida. I 1923 flytta han til Berlin i von om å koma vekk frå familien sin påverknad, og konsentrera seg om å skriva. Sjukdommen vart likevel verre, og han reiste attende til Praha. Han døydde 3. juni 1924.

Kafka publiserte berre nokre få korte historier medan han levde, som berre utgjorde ein liten del av arbeidet. Han fekk difor ikkje stor merksemd i si levetid. Før han døydde, bad han venen og forleggjaren Max Brod og hans elskarinne Dora Dymant om å øydeleggja alle manuskripta hans.

Dymant øydela lojalt dei manuskripta ho hadde, men Brod fylgde ikkje Kafka sine instruksar, og valde i staden å publisera dei.
Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om verdsklassikarar i nynorsk omsetjing. Les fleire artiklar i serien her!
Artikkelserien er støtta av Norsk Kulturfond.