Det blir rein magi når Roberto Arlt tek språket i bruk. 

Magnus Rotevatn
Publisert

Klassikarserien til forlaget Skald er kanskje det beste norsk forlagsbransje har å by på. Tre gongar i året får me eit høgdepunkt frå verdslitteraturen i ein utsøkt nynorsk språkdrakt.

I tillegg så er dei fysiske produkta små meisterverk. Få bøker er like vakre og stilsikre. Berre det å halda ein av klassikarane til Skald i handa kan skapa leseglede.

No har turen kome til ein argentinsk litteraturskatt, nemleg romanen Sju galningar av Roberto Arlt. Også denne kan du trygt kjøpa inn til boksamlinga di.

Sju galningar

Forfattar: Roberto Arlt

Omsetjar: Øystein Vidnes

Forlag: Skald

Utgjeve: 2024 (Originalutgåve: 1929)

Sjanger: Roman

 

Vill og leiken

Sju galningar er ein språkleg fest. Teksten er vill og leiken. Allereie frå fyrste side blei eg djupt fascinert over evna Arlt har til å trylla med ord. Det er magisk korleis Arlt klarar å vri språket og skildringane sine sånn at verda blir nærast ny.

Eit godt døme er hovudpersonen Erdosain sitt grubleri om «angstsona» i byrjinga av romanen.

«Erdosain tenkte seg at denne sona låg over byane, i to meters høgd, […]. Som ei skodde av giftig gass flaut ho sakte frå eit punkt til eit anna, trengde seg gjennom murar og bygg, utan å miste si flate og vassrette form, det var ein todimensjonal angst som let etter seg ein smak av tårer i halsane han hogde som ein giljotin».

Eg kan ikkje eitt ord på spansk, men kan utvilsamt konstatera at den norske utgåva som omsetjar Øystein Vidnes har stått for er knirkefri – rett og slett upåklageleg.

Lite står på spel

Handlinga og plottet held ikkje det same høge nivået som Arlt sin språklege leik. Det er absolutt absurd og løye, og tidvis presenterer boka bitande satire. Smilebanda ligg ikkje i ro.

Men om ein skal dra ein lesar gjennom meir enn tre hundre sider, bør det vera meir enn artige påfunn. Noko bør stå på spel.

Hovudlinja i romanen handlar om snålingen Erdosain sine miserer og kamp mot omverda. Blanda inn i dette finst det òg planar om eit drap og etableringa av eit

Dette kan jo høyrast spennande nok ut, men romanen klarar ikkje å overtyda om at dette er noko lesaren bør bry seg om.

Persongalleriet er i stor grad karikaturar og sjablongar, og eg klarar i alle fall ikkje å engasjera meg i skjebnane deira.

Arlt sin fabulerande leik er kjempegøy å vera med på dei fyrste hundre sidene. Men jo lenger ut i boka eg kjem, dess mindre interesse har eg for ho.

 

Løn for strevet

Det er vel verdt det å gje seg i kast med Sju galningar. Boka er ikkje lytefri, og ho treng ein motivert lesar. Men Arlt sitt skakke blikk og viltre fantasi gjev løn for strevet.

Skald fortener nok ein gong applaus for å ha gjort norske bokhyller litt meir mangfaldige og interessante.