Erik Poppe skal lage Jon Fosse-film
Til hausten startar filmregissør Erik Poppe innspelinga av filmen som Jon Fosse skreiv manus til for 26 år sidan.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Innspelinga av «Bad Moon Rising», som er arbeidstittelen, byrjar ifølgje Screen Daily andre veka av september i år – på lokasjonar på Vestlandet.
– Dette er første og einaste filmmanus av Jon, skrive i 1998. Det har lege på skrivebordsskanten min sidan den tid, fortel Poppe til bransjebladet. Han seier at det knapt har vore gjort nokre endringar i originalmanuskriptet han fekk i hende av Jon Fosse.
Tidlaust stykke

Regissør Erik Poppe. Foto: Maximilian Bühn, CC-BY-SA 4.0-lisens
Historia følgjer eit par frå deira første møte, gjennom eit forhold som også gir dei ein son, til skilsmissa – og korleis dei handterer det. Det er «eit tidlaust stykke», seier filmskaparen, som vil gi det ein samtidig setting.
Erik Poppe er i Berlin på filmmarknaden der for å sikre seg ytterlegare finansiering og ventar på tilbakemelding frå Norsk filminstitutt for å høyre kva dei kan bidra med.
Nobel-fokus
Filmskaparen meiner det auka fokuset på Fosses verk etter Nobelprisen i litteratur gjer at det no er rett tid til å få denne «ukjente perla» av eit manus ut i verda.
– At Jon har skrive dette ukjende manuset, har overraska mange. Det var nærast som ein sensasjon då vi møtte folk i Berlin. Eg ønskjer å fange essensen, sjela i Jons stemme, og vareta det, lovar Poppe, som vil lage «Bad Moon Rising» gjennom produksjonsselskapet sitt Paradox.
Jon Fosse støttar filmplanen heilhjarta, ifølgje regissøren. No ventar det å finne innspelingsstader – og skodespelarar. Samtidig er Poppe i ferd med å avslutte filmen «Quisling», som han håpar å ha klar til eit potensielt slepp i Cannes i mai.