«Berre» ein bachelor?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For tida studerer eg ein bachelor i sosiologi. Til våren er eg kanskje, og forhåpentlegvis ferdig utdanna sosiolog. Eg seier kanskje, for det er slett ingen sjølvfølgje.

Vegen mot ein bachelor har ikkje vore lett. Ikkje fordi eg ikkje er skuleflink, eller ikkje har vore motivert til å studere – men fordi det omtrent kvart halvår dei siste åra har skjedd noko i livet som har slege meg hardt i trynet. Det har stukke kjeppar i hjula for meg… men eg har jobba vidare. Eg har ikkje noko val, og det har gått heilt greitt – for eg vil.

Eg vil ha ein bachelor.

LES OGSÅ: Mastergrad sikrar ikkje jobb – no må du ha gode karakterar

Masterselskap
«Du skal kanskje ta master, du?» Det høyrer eg stadig vekk. Spesielt på jobben. «Nei,» svarar eg då. Enkelt og greitt. Eg vil ikkje ta ein master i sosiologi, og eg kjem mest truleg aldri til å ta ein master i sosiologi. Det er ikkje det eg ynskjer, og det er ikkje noko eg døyr etter å ta.

I dagens samfunn blir det meir og meir vanleg å ta ein master. Mest mogleg utdanning, og å samle størst mogleg kunnskap på ditt område.

Eg forstår absolutt dei som vil det. Eg beundrar dei som ynskjer å ta ein master, og som fullfører ein. Så flott! Så dyktig gjort av dei, og så vanvitig bra for både framtida og dei sjølve.

Men eg, eg treng ikkje nokon master. I alle fall ikkje no. Om eg treng og vil ha det, så kan eg ta den ved eit seinare høve. Eg har ikkje noko hastverk.

Eg var i selskap då alle fekk spørsmål om kva dei studerte. Då nokon sa at dei skreiv master, var det nokon andre som sa; «Eg har berre ein bachelor», nesten som om det var litt flaut. Det tykkjer eg blir for dumt.

LES OGSÅ: Master aukar sjansen for relevant jobb

Flyvertinne og reiseleiar
Alle utdanningar er like viktige. Alle kan ikkje springe rundt å ta ein master. Nokon må sitte att med «berre» ein bachelor også. Eg blir vel ein av dei… forhåpentlegvis til våren. Då skal eg vere stolt. Stolt av min bachelor.

Og så, så skal eg gjere det eg verkeleg vil. Det eg drøymer om innerst i magen. Sånne draumar som eg har hatt i mange, mange år.

Å vere flyvertinne høgt oppe i skyene. Eller entusiastisk reiseleiar for Star Tour ved eit basseng i Hellas. Syne fram fjord og fjell, fast, frå guiderolla. Eller delta i utviklinga av turistnæringa og moglegheitene den bærer med seg. Lese norskfag opp, og norskfag ned, eller berre skrive. Skrive til eg ikkje har ord att å skrive.

LES OGSÅ: Arbeidsgjevarar vil ha fagbrev – ikkje master

Min viktige frisør
Samstundes kan ikkje alle ha ein bachelor heller. Alle kan ikkje ta ei universitetsutdanning. Nokre må faktisk ta ei yrkesfagleg utdanning.

Me treng frisørar, helsefagarbeidarar, elektrikarar, snikkarar, anleggsarbeidarar, og alle dei andre yrka som er viktig og sårt naudsynt i eit velfungerande samfunn.

Dei med ei yrkesfagleg utdanning er like viktige som alle andre.

Dei er med å yte samfunnet framover. Dei byggjer hus, ordnar straum, klypper hår, pleier eldre pasientar, sit i maskiner, og jobbar hardt, jamt, og trutt for at alt skal gå opp – og framover.

Elevorganisasjonen åtvarar: – Lærlingsvikt kan gi mangel på fagarbeidarar

Køkjeft i kassen
Me treng faktisk butikkarbeidarar også.

Dei som sit bak kassen på Rema.

Eller dei som dag etter dag fyller på varer på Coop, så mykje me skal kunne handle det me treng for å fylle kjøleskapet.

Dei som får unødvendig mykje kjeft dagleg fordi dei ikkje får unna kassekøen fort nok. Eller ikkje kan noko for at mjølkeleveransen er sein så det er tomt for fløyte på kjølen.

Me treng dei som står i alle slags butikkar og yter ein service og ein innsats, så mykje eg og du skal få handle det me treng – og vil.

Me treng dei alle.

LES OGSÅ: Tabu å velja yrkesretta

«Mastersyken»
Me må ikkje snakka nedlatande om nokon uansett kva utdanning dei vel å ta. Forskarar snakkar om «mastersyken». At unge tek meir utdanning fordi dei kan, og fordi tre år kanskje ikkje lenger er godt nok.

Me må ikkje snakke nedlatande om dei som ynskjer å få seg ein master for det. Om det verkeleg er det dei ynskjer å ta, så må dei få gjere det.

Men alle  ikkje følgje straumen, og alle må ikkje vere ein sau. Ta dine eigne val, basert på kva nettopp du ynskjer.

Me må ikkje snakka nedlatande om dei som «berre» vel å ta ein bachelor. Alle kan jo ikkje ta ein master, og alle kan ikkje vera like.

For nokre er ein bachelor mykje, og mykje kan vere absolutt godt nok. Dei som tek ein bachelor tek det nok av ein grunn. Antakelegvis var det nettopp dette dei ville, og vidare kan dei bruke den som den er, eller byggje på den med andre moglegheiter.

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå yrkesfag

«Yrkisar»
Me må ikkje snakka nedlatande om dei som tek ei yrkesfagleg utdanning.

Sjølv har eg vore med på å omtale desse som «yrkisar». For lat oss vera ærlege med kvarandre… på vidaregåande blei dei som gjekk yrkesfagleg løp ofte samla under dette namnet. Det var ikkje for å vera nedlatande at eg gjorde det. Eg har sånn respekt for dei, og det bør me alle ha. Me treng dei like mykje som dei med universitetsutdanning, og alle bør vera like respekterte og viktige i eit samfunn.

Me må ikkje snakka nedlatande om dei som jobbar i butikk. Og alle andre som gjer ein viktig jobb i dagleglivet og samfunnet, sjølv om dei ikkje har ein master, bachelor, doktorgrad, eller fagbrev. Dei er så viktige. Akkurat som meg og deg. Både no, og i framtida, når me har teke den typen utdanning me vil ha.