Døgnrytmen påverkar forsvar mot virus

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når på døgnet smittar virus?

Kroppen vår vert styrt av ei slags indre klokke. Tikk, takk, tikk, takk.

Døgnrytmen kontrollerer kroppstemperatur, svolt og immunforsvaret vårt, og er koordinert med omgivnadene våre slik at vi er vakne om dagen, og søv om natta. Stort sett.

Skiftarbeid og seine kveldar forstyrrar den naturlege kroppsklokka, og det er tidlegare vist at skiftarbeidarar er meir utsette for å verte sjuke. Men korleis “veit” eit influensavirus at du har vore vaken om nettene den siste veka?

Infeksjon på ulike tidspunkt
Samanhengen mellom virusinfeksjon og den indre klokka har vore eit mysterium. Men ikkje no lengre.

Nye forskingsresultat som viser korleis virus infiserer cellene våre på ulike tidspunkt på dagen vart publisert av Rachel Edgar og Akhilesh Reddy ved Universitetet i Cambridgei i tidsskriftet PNAS førre månad.

Ved å infisere mus på ulike tidspunkt i løpet av ein dag, fann Edgar og Reddy at det var store skilnader i når på døgeret dyra var mest utsett for smitte.

Som kontroll nytta forskarane mus som mangla indre klokker. Då såg forskarane ingen skilnad i kor mykje virusa klarte å smitte dyra. Det var altså den biologiske klokka hjå musene som avgjorde kor effektivt viruset var.

Tidleg om morgonen er best – for viruset
I eit innlegg på bloggen The Conversation, fortel Reddy det slik:

– Vi fann at virus er mindre suksessfulle til å infisere om kvelden. Motsett, tidleg om morgonen, er cellene våre fulle av biologisk aktivitet, i det minste frå viruset sitt synspunkt.

Tidleg på dagen, når cellene våre er fulle av aktivitet, er dei mest attraktive for angrep frå virus.

Reddy sjølv avsluttar innlegget sitt slik:

– Så, dersom du er desperat etter å unngå å bli smitta av influensaviruset som går på kontoret, i staden for å booste immunforsvaret med ulike vitaminar, kanskje du kan prøve å jobbe heimefrå om morgonane.

Faktaboks

Vår indre klokke, biologiske klokke eller biorytme, er ein syklisk eller rytmisk variasjon i levande organismar sin livsprosess 

Menneskjer og mange plantar har ein 24-timers syklus, men det finst òg døme på organismar som har 12-timarssyklus, eller månads- og årssyklusar

Vår indre klokke er uavhengig av temperatur, men variasjonar i ytre forhold som lys og visse kjemiske stoff verkar inn på rytmen

Det er mykje vi ikkje veit om denne indre klokka, men vi reknar med at prosessane vert styrt av cellene sine membran, som igjen vert påverka av utanforståande faktorar

Kjelde: SNL